Fagskole

Auke i talet på fagskolestudentar siste år

Fagskole er ei toårig utdanning. Utdanninga bygger på fagbrev frå vidaregåande skole eller realkompetanse. I studieåret 2018/2019 vart det tilbode fagskoleutdanning ved fire institusjonar i Møre og Romsdal. Fagskolen i Ålesund og fagskolen i Kristiansund er fylkeskommunalt eigd, mens Fagskolen Aldring og helse er organisert under Sykehuset i Vestfold, men tilbyr samlings-/nettbasert fagskoleutdanning i Møre og Romsdal*. Ålesund kunstfagskole er privateigd. Ver merksam på at studenttala på fagskolane blir runda av grunna omsyn til personvern, slik at dei summerte tala ikkje alltid går opp. 

Til saman var det 435 fagskolestudentar i fylket våren 2019 og 395 våren 2018. Talet på studentar har altså auka det siste året, slik at det no er på nivå med 2016. Den lange trenden er ein nedgang i studenttalet.

Fagskolen i Ålesund er størst

Fagskolen i Ålesund hadde 300 studentar i vårsemesteret 2019, 30 fleire enn i 2018 og 45 fleire enn i 2015. Den motsette tendensen ser vi i Kristiansund som våren 2019 var nede i 90 studentar. Det er 10 færre enn våren 2018 og 55 færre enn våren 2015.

Jamnare mellom kjønna

Våren 2019 var det i alt 85 kvinnelege og 350 mannlege studentar ved fagskolane i fylket. Delen kvinner er med det 20 prosent, 7 prosentpoeng høgare enn våren 2018. Flest kvinnelege studentar var det ved Fagskolen i Kristiansund der det var om lag 35 kvinner på utdanninga Psykisk helsearbeid og rusarbeid.

Færre søkarar til dei fylkeskommunale fagskolane

Totalt søkartal i 2019/2020 er 297, ein samla nedgang på totalt 39 frå søkinga i 2018/2019. Fagskolen i Ålesund har 208 søkarar i år, ein nedgang på totalt 37, mens fagskolen i Kristiansund har 89 søkarar , ein nedgang på 2 frå i fjor.