Vidaregåande skole - søkarar og elevar

Flest elevar på Fagerlia vgs

Det er 23 fylkeskommunale vidaregåande skolar (vgs) i Møre og Romsdal og tre private (Akademiet vgs i Molde og Ålesund, samt Vestborg vgs i Stranda). Dei vidaregåande skolane skal gi utdanningstilbod til innbyggarar i eigen kommune og region, og også i landsdelen gjennom såkalla landslinjer. Eksempel på landslinjer er yrkessjåføropplæringa ved Kristiansund vgs og jazzlinja ved Molde vgs.

For skoleåret 2018/2019 var det 9 450 elevar frå Møre og Romsdal med ungdomsrett i vidaregåande opplæring (registrert per september 2018). Av desse gjekk 9 039 på vidaregåande skolar eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Fagerlia vgs hadde flest søkarar med ungdomsrett etter førsteønsket (886 søkarar for skoleåret 2019/2020) og flest elevar med ungdomsrett (827 elevar for skoleåret 2018/2019). Dei sju fylkeskommunale skolane i Ålesund, Molde og Kristiansund har til saman om lag 63 prosent av alle elevane og søkarane med ungdomsrett i den offentlege vidaregåande skolen i Møre og Romsdal. Til samanlikning bur 36 prosent av dei som fyller 16, 17 eller 18 år i 2019 i ein av desse tre kommunane.

Borgund vgs hadde våren 2019 søkarar frå heile 33 av dei 35 kommunane i fylket. Borgund vgs hadde også, saman med Ålesund vgs, elevar frå flest kommunar i fylket (32). Landbruksskolen Gjermundnes vgs hadde søkarar frå 26 og elevar frå 28 av kommunane i fylket. 96 prosent av søkarane til Rauma vgs var frå eigen kommune, noko som var høgast i fylket.

Det mest interessante er likevel breidda i val av vidaregåande skole blant ungdom i kvar kommune. Førre skoleår var det til dømes ungdom frå Sunndal kommune på 14 av dei fylkeskommunale vidaregåande skolane. 23 av kommunane hadde ungdommar på 10 eller fleire skolar.

Fleire søkarar til Vg1

Då søknadsfristen gikk ut 1. mars, hadde 3 654 ungdommar med ungdomsrett søkt om skoleplass på Vg1 for skoleåret 2019/2020 på dei fylkeskommunale vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. Dette er 192 fleire søkarar enn i fjor, ein auke på 6 prosent.

Til dei studieførebuande tilboda viser søkinga ein samla auke på om lag 6 prosent, frå 1 586 søkarar for skoleåret 2018/2019 til 1 689 søkarar for skoleåret 2019/2020. For dei yrkesfaglege tilboda var auken 5 prosent, frå 1 876 til 1 965 søkarar. I år som i fjor søkte om lag 54 prosent av dei med ungdomsrett til yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg1.

Auke for Vg1 restaurant- og matfag

Kva ungdom søker på, varierer frå år til år. Våren 2019 var det størst auke (47 prosent) i søkinga til design og handverk. 107 hadde dette utdanningsprogrammet som førsteønske, mot 73 i fjor. Restaurant- og matfag hadde ein auke på 26 prosent, frå 82 søkarar i 2018 til 103 i 2019.

Nedturen i oljesektoren for nokre år sidan gav ein tilbakegang i søkinga til teknikk og industriell produksjon (TIP) i 2017. Veksten for TIP i fjor held fram i år, med ein vekst på 15 prosent. Det gjer at for skoleåret 2019/2020 er TIP førsteønske for 510 søkarar til Vg1 med ungdomsrett, og det er dermed størst av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. 

Størst nedgang i søkinga hadde bygg- og anleggsteknikk (-16 prosent) og naturbruk (-13 prosent). 

38 prosent kvinnelege søkarar til Vg1 yrkesfag 

Kjønnsubalansen i søkinga til vidaregåande opplæring held fram. 58 prosent av søkarane på dei studieførebuande utdanningsprogramma var kvinner. På dei yrkesfaglege utdanningsprogramma var delen kvinner 38 prosent. Lågast del kvinnelege søkarar hadde TIP (8 prosent), mens det var lågast del mannlege søkarar til design og handverk (9 prosent).