Utdanningsnivå

28,3 prosent av befolkninga har høgare utdanning

I statistikk om utdanningsnivået ser vi på den delen av befolkninga som er 16 år eller eldre, og vi skil mellom anna mellom kort og lang høgare utdanning. I gruppa for kort høgare utdanning reknar vi dei som har ei utdanning på fire år eller mindre, og som ikkje har ei høgare gradsutdanning. I gruppa for lang høgare utdanning reknar vi alle som har fullført ei universitets- eller høgskoleutdanning på meir enn fire år.

Det skjer ikkje store endringar i utdanningsnivå frå år til år, men over tid er det ein tydeleg trend at fleire tar utdanning på universitet eller høgskole. I 1980 hadde 1,3 prosent av befolkninga over 16 år lang høgare utdanning i Møre og Romsdal, mot 2,4 prosent i landet. I 2018 var delen auka til 5,9 prosent i fylket og 10,0 prosent for landet. Sjølv om auken har vore sterk i Møre og Romsdal dei siste 40 åra, ligg vi eit godt stykke bak landet samla, og avstanden aukar.

For kort høgare utdanning har det også vore ein kraftig auke i Møre og Romsdal i perioden 1980 til 2018, frå høvesvis 7,2 prosent til 22,4 prosent. Samanlikna med landet låg vi 1,7 prosentpoeng lågare både ved starten og slutten av perioden, så utviklinga har vore om lag den same som for landet.

Delen av befolkninga i fylket med kort og lang høgare utdanning auka frå 27,8 prosent i 2017 til 28,3 prosent i 2018, litt lågare auke enn for landet.

Møre og Romsdal på nedre halvdel blant fylka

Fylka med dei største byane og universiteta, samt Akershus, har høgast utdanningsnivå. I Oslo hadde 51,6 prosent høgare utdanning i 2018. Deretter kom i Akershus (38,7 prosent), Hordaland (34,8 prosent) og Trøndelag (33,7 prosent). Møre og Romsdal var nummer 12 av fylka. Lågast utdanningsnivå hadde befolkninga i Oppland (26,4 prosent), Hedmark (26,5 prosent) og Østfold (26,6 prosent). 

Deler vi tala på kjønn, er rangeringa av fylka om lag lik. Men i dei ulike fylka er forskjellen mellom kjønna svært ulik. I 2018 var delen kvinner i Finnmark med høgare utdanning 14,9 prosentpoeng høgare enn delen menn. Det er fylket med den største forskjellen. Møre og Romsdal var fylket med fjerde størst forskjell (10,2 prosentpoeng). Lågast forskjell var det i Oslo med 5,0 prosentpoeng.

10,2 prosentpoeng høgare del kvinner med høgare utdanning enn menn

Særleg blant kvinner har utdanningsnivået auka dramatisk dei siste 40 åra. For menn er auken mykje meir beskjeden. I 1980 hadde 9,7 prosent av den mannelege befolkninga over 16 år og 7,3 prosent av kvinnene i Møre og Romsdal høgare utdanning. I 1997 var delen kvinner med høgare utdanning for første gong høgare enn for menn i Møre og Romsdal. I 2018 var tala for menn og kvinner høvesvis 23,3 prosent og 33,5 prosent, ein forskjell på 10,2 prosentpoeng.

Volda har høgast utdanningsnivå i fylket

Kommunane med universitets- eller høgskuletilbod har størst del innbyggarar med høgare utdanning, og aller høgast utdanningsnivå har Volda. Her har 39,8 prosent av befolkninga universitet- og høgskuleutdanning. Deretter følger Molde og Ålesund, med høvesvis 37,7 og 35,5 prosent. Berre desse tre kommunane i fylket ligg over landssnittet. Lågast del med høgare utdanning er det i Nesset, Vanylven og Smøla, med høvesvis 17,5, 19,1 og 19,2 prosent. 

Størst auke i Giske dei siste 10 åra

I Giske auka delen med høgare utdanning med 8,9 prosentpoeng i perioden frå 2008 (19,2 prosent) til 2018 (28,1 prosent), den største auken av kommunane i fylket. Lågast auke hadde Stordal med 2,9 prosentpoeng, frå 16,9 til 19,8 prosent. For kvinnene var den største auken i Sande. Der auka delen kvinner med høgare utdanning frå 16,0 til 28,2 prosent i 10-årsperioden, altså med 12,2 prosentpoeng. Giske hadde størst auke for mennene med 5,9 prosentpoeng, frå 17,5 til 23,4 prosent.