Tannhelse

Dårlegare tannhelse hos 12-åringar

Tannhelsa både i Noreg og Møre og Romsdal er gjennomgåande god, men framleis har ei lita gruppe store kariesproblem. Tannhelsetilstanden hos 12-åringar gir eit bilde av om den offentlege tannhelsetenesta har lukkast med det førebyggande arbeidet slik at desse pasientane oppnår så få fyllingar som mogleg.

Av alle undersøkte eller behandla 12-åringar i Møre og Romsdal i 2018 hadde 52 prosent ingen hol. På landsbasis var delen 60 prosent. Det har vore ein auke i karies hos 12-åringar i fylket dei siste fem åra, for i 2014 var delen som ikkje hadde hol i tennene, 57 prosent.

4,7 prosent av dei undersøkte 12-åringane i Møre og Romsdal hadde meir enn fire hol. Det er høgare enn landsgjennomsnittet på 3,1 prosent. 

For å sette søkelyset på barna som har dårlegast tannhelse, blir det berekna ein Significant Caries index (SiC). Den viser gjennomsnittleg tal tenner med hol, fyllingar eller tenner som er trekt, hos den tredelen med dårlegast tanntilstand. SiC-skåren var i 2018 på 3,0 for Møre og Romsdal og 2,5 for landet. Fram til 2015 gikk SiC-skåren ned i Møre og Romsdal, men både i 2016 og 2018 gikk den opp.

For 18-åringane er det ei positiv utvikling i tannhelsa også i Møre og Romsdal. Delen 18-åringar som ikkje har hatt karies, har auka frå 17 prosent i 2014 til 21 prosent i 2018. Det er likevel ein del under det nasjonale gjennomsnittet på 27 prosent i 2018.

Det er relativt store kommunevise variasjonar. For 18-åringane kom Sande svakast ut med berre 9 prosent utan karieserfaring i 2018. Best ut kom 18-åringane i Aure, der heile 43 prosent ikkje hadde hol eller fyllingar i tennene.