Ferjetrafikk

God regularitet i alle fylkesvegferjesambanda

Vi måler regulariteten i eit ferjesamband på grunnlag av innstilte avgangar i høve til gjennomførte avgangar i løpet av eit år. Samband med fleire anløpsstadar enn to kan kome dårlegare ut, sidan ein innstilt rundtur kan innehalde meir enn to innstilte avgangar. Sambanda er rangert i høve til regulariteten på grunnlag av alle innstillingar i 2018. Dette gir eit bilde av kor ofte dei reisande opplevde «stengd veg».

Om vi ser litt nærare på tala bak figurane, viser dei at det totalt vart utført om lag 413 000 avgangar, og at om lag 1 700 avgangar vart innstilt. Av dei innstilte avgangane var om lag 200 knytt til forhold som ikkje kan lastast operatøren i sambandet, for eksempel dårleg ver. Med 1 700 innstilte av 413 000 gjennomførte avgangar vart 0,4 prosent av alle planlagde ferjeavgangar innstilt i 2018.

I 2018 var snittalderen på ferjene i fylkesvegferjesambanda om lag 29 år. Det eldste fartøyet i fylket var 55 år, og det nyaste fartøyet i drift i 2018 var 6 år. Alderen på hovudfartøyet blir definert som byggeåret, men der det er fleire ferjer på eit samband, er årstalet avrunda til snittårstalet for alder på fartøya.

Trass i ein høg alder på mange av fartøya i ferjeflåten i Møre og Romsdal hadde 18 av 20 samband ein regularitet på 99,5 prosent eller betre. Når vi ser nærare på om det er ein samanheng mellom byggeår og regularitet, ser vi av figur «Regularitet og byggeår for fartøy» at det ikkje er samanheng mellom alderen på fartøya og talet på innstilte avgangar. Figuren viser at dei to eldste fartøya våre har ein regularitet på nær 100 prosent, og at det er eit fartøy frå 90-talet som trafikkerer sambandet med lågast regularitet.