Spelemidlar

Auke i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

1,512 milliardar kroner gikk til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunane i 2019, ein auke på 82 millionar kroner frå 2018. 83,9 millionar kroner gikk til Møre og Romsdal. Det plasserer oss på ein sjetteplass mellom fylka, ein plass opp frå 2018.

I 2015–2019 vart det registrert totalt 1 290 spelemidelsøknadar i Møre og Romsdal. Flest søknadar kom frå kommunane Molde (112), Ålesund (101), Fræna (78), Kristiansund (77) og Ulstein (77), mens færrast kom frå Tingvoll (6), Aukra (6), Sande (7), Hareid (8), og Ørskog (9).

Samla søknadssum frå Møre og Romsdal i perioden 2015– 2019 var på 1,7 milliardar kroner, og tildelt sum var 380,3 millionar kroner. Ulstein (218 millionar kroner), Ålesund (166 millionar kroner) og Molde (130 millionar kroner) søkte om mest spelemidlar i denne perioden. Tingvoll (2 millionar kroner), Gjemnes (4,5 millionar kroner) og Sande (5,6 millionar kroner) søkte om minst. 

I perioden 2015–2019 vart det tildelt mest spelemidlar til Ålesund kommune (41,5 millionar kroner), Molde (35,3 millionar kroner) og Kristiansund (26,7 millionar kroner). Minst spelemidlar vart tildelt Halsa, Tingvoll og Gjemnes med høvesvis 1,4, 1,6 og 2,7 millionar kroner.

Om lag halvparten av spelemidlane i åra 2015–2019 har gått til anleggskategoriane «idrettshallar og aktivitetssalar» (96,3 millionar kroner) og «fotballanlegg» (92,1 millionar kroner). Søknadar til desse to anleggskategoriane hadde ein samla søknadssum på 929 millionar kroner, over halvparten (55 prosent) av den totale søknadssummen frå Møre og Romsdal i perioden.

Ventetida på spelemidlar går opp både i landet og i Møre og Romsdal

Ventetida på utbetaling av spelemidlar er 3,4 år i Møre og Romsdal i 2019. For landet elles var tida 2,85 år. Fem fylke hadde lengre ventetid enn Møre og Romsdal i 2019, og tre fylke hadde ei ventetid på to år eller mindre.

Årsaka til at desse fylka har kortare ventetid, er at dei har søkt om færre midlar, og at eit av tildelingskriteria sørger for at også dei som ikkje har stor utbyggingsaktivitet, er sikra ein del av potten. Fylka med kort ventetid har også låg tildelt sum. Unntaket er Oslo, som ut frå vekting av innbyggartalet i tildelingkriteria kan hente ut relativt mykje spelemidlar.

Møre og Romsdal hadde lengst ventetid med 3 år i 2017. I 2018 hadde Rogaland lengst ventetid med 3,12 år, og i 2019 har Sogn og Fjordane lengst ventetid med 3,93 år. Sju fylke har meir enn 3 år ventetid. Spelemidelpotten har auka frå 1,059 milliardar kroner til 1,512 i perioden 2015–2019, men ventetida har likevel gått opp. Søknadssummen har auka frå 3,305 milliardar til rekordhøge 5,817 milliardar kroner i perioden.

10,9 prosent av spelemidlane til anlegg for friluftsliv i 2015-2019

41 millionar kroner av spelemidlane gikk til friluftslivsanlegg i fylket i perioden 2015–2019, om lag 10,9 prosent av den totale fordelinga i perioden. Turveg, tursti og tur-/skiløype er dei tre største kategoriane her med til saman 37 millionar kroner i tilskot i perioden. Midsund (12.1 millionar kroner) og Stranda (9,8 millionar kroner) søkte om mest spelemidlar til friluftslivsanlegg i perioden. Norddal (213 000 kroner) og Sykkylven (508 000 kroner) søkte om minst.

Fylkeskommunen har som mål at 12 prosent av spelemidlane skal gå til friluftslivsanlegg. Ein rapport frå Helsedirektoratet i 2017 om fysisk aktivitet viser at friluftslivsaktivitetar og uorganisert trening og mosjon er dei klart mest populære aktivitetane. Friluftslivsaktivitetar har også ei jamn fordeling knytt til sosial bakgrunn, mens det er større ulikskap for andre aktivitetar.