Klimagassutslepp etter sektor

Auka utslepp av klimagassar i 2017

Utsleppa av klimagassar i Møre og Romsdal auka i 2017 og var dei høgaste som nokon gong er målt i fylket. Mens det frå 2015 til 2016 var ein nedgang i klimagassutslepp, hadde utsleppa i 2017 auka til over nivåa i 2015. Mens dei fleste sektorane hadde auka utslepp frå 2016 til 2017, vart utsleppa frå transport og avfall – avløp redusert.

Totalt har klimagassutsleppa i fylket auka med om lag 200 000 tonn CO2-ekvivalentar frå 2009 til 2017, ein auke på 8 prosent. Sektorane med høgast auka utslepp i perioden, var sjøfart og industri, olje og gass.

Innanfor transport er sjøfart den klart største bidragsytaren i Møre og Romsdal. Spesielt for Møre og Romsdal og andre kystområde med stor maritim næring, er at relativt stor del av transporten går sjøvegen. Innan sjøfart kjem dei største utsleppa i fylket vårt frå passasjerfartøy, etterfølgt av fiskefartøy. Klimagassutsleppa frå sjøfart har gått ned frå 2017 til 2018 i Møre og Romsdal. 

Statistikken omfattar dei direkte, fysiske utsleppa som skjer innanfor fylket sine geografiske grenser. Dette betyr at klimagassutsleppa frå eit fiskefartøy er inkludert i sektoren sjøfart, men berre utsleppa som skjer mens båten køyrer i fylket. Utslepp knytt til produksjon av fartøyet på ulike fabrikkar er plassert på sektor «industri, olje og gass» i dei fylka der fabrikkane er fysisk plassert. Utslepp som fysisk skjer i utlandet, er ikkje inkludert. Dette vil seie at alle utslepp som blir generert indirekte gjennom aktivitet i fylket, berre er med i statistikken, dersom dei indirekte utsleppa også skjer innanfor fylket sine grenser.