Kulturvern og verdsarv

Møre og Romsdal ligg høgt i talet på dispensasjonar

Møre og Romsdal fylkeskommune fører statistikk over dei arkeologiske registreringsprosjekta sine, slik Kulturminnelova §9 krev. Statistikken viser stor stabilitet dei siste fem åra, både i talet på registreringar og i resultatet av dei. Snittet dei siste fem åra ligg på i overkant av 100 prosjekt i året, og det blir i snitt gjort arkeologiske funn i litt i underkant av halvparten av desse. Statistikken viser ikkje omfanget av kvart prosjekt, og heller ikkje kor mange funn som er gjort i kvart prosjekt.

Tal frå Riksantikvaren viser at Møre og Romsdal ligg høgt i talet på dispensasjonar frå Kulturminnelova. Statistikken viser kor ofte arkeologiske kulturminne kjem i konflikt med små og store utbyggingsprosjekt, og at det av den grunn blir gitt løyve til inngrep i kulturminna. Dette kan både vere uttrykk for talet på arkeologiske kulturminne, byggeaktiviteten i samfunnet og det geografiske og topografiske samanfallet mellom desse faktorane. Rogaland dominerer statistikken, men Møre og Romsdal har også lege svært høgt dei siste åra.

Kostnadane ved arkeologiske utgravingar som skjer i regi av universitetsmusea, kan variere ein del frå år til år. Det avgjerande er byggeaktiviteten i samfunnet. Det offentlege står bak dei fleste prosjekta, men større private aktørar må også koste ein del av utgravingane. Når det ligg føre «særlege grunnar», dekker staten ved Riksantikvaren kostnadane. Møre og Romsdal ligg i ei gruppe nær midten.

Dei åtte områda i Noreg som står på UNESCO si verdsarvliste, får til saman litt over 62 millionar kroner frå staten via Riksantikvaren. Fylkeskommunane fordeler tilskota etter søknadar. Storparten av midlane går til dei tre store områda Bergstaden Røros, Bryggen i Bergen og Rjukan-Notodden industriarv. Verdsarven i Vestnorsk fjordlandskap omfattar Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane. Vestnorsk fjordlandskap fekk til saman 3 millionar kroner i tilskot.