Skattefunn & tildelingar frå Forskningsrådet

Mest støtte til FoU i næringslivet

I 2019 løyvde Forskningsrådet om lag 124 millionar kroner i støtte til forskings- og utviklingsarbeid til organisasjonar i Møre og Romsdal . Forskningsrådet skal bidra til fornying og innovasjon i offentleg sektor, mens dei i næringslivet bidrar til å auke verdiskapinga, med ulike finansieringsordningar for forskingsbasert innovasjon og kunnskapsbygging. Likevel er det forskingsinstitusjonane som er den mest sentrale målgruppa til rådet. Institusjonane kan søke om finansiering innanfor alle relevante tema og fagfelt.

I Møre og Romsdal gikk støtta i 2019 hovudsakleg til næringslivet, med 75,7 millionar kroner. Universitets- og høgskolesektoren fikk 26,8 millionar kroner, mens instituttsektoren fikk 14,1 millionar kroner. Andre aktørar, blant anna kommunar, fylkeskommunen og helseføretaket fikk om lag 7,8 millionar kroner. Samla fikk i alt 82 prosjekt i 2019 støtte frå Forskningsrådet, som er noko lågare enn i 2017 og 2018, då høvesvis 97 og 94 prosjekt fikk støtte. Mest støtte fikk prosjekt i fagområdet teknologi, med 74,1 millionar, mens landbruks- og fiskarfag fikk nest mest med 14,1 millionar kroner.

Gjennom SkatteFUNN-ordninga kan små- og mellomstore bedrifter få 20 prosent av prosjektkostnadane som skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret, mens store bedrifter kan få 18 prosent frådrag av prosjektkostnadane. SkatteFUNNprosjekt må vere avgrensa og målretta og dreie seg om utviklinga av ei ny eller forbetra teneste, produkt eller produksjonsprosess.

I 2018 vart 473 prosjekt godkjent, med ei støtte på 293 millionar kroner. På landsbasis vart 7 704 prosjekt godkjent, og det utgjorde ei støtte på 6,1 milliardar kroner. Teknologi er det fagområdet med flest prosjekt, både nasjonalt og i Møre og Romsdal. Den sektoren med flest prosjekt i Møre og Romsdal, var marin/sjømat , mens det for landet var informasjons- og kommunikasjonsteknologi.