Landbruk

Noko svakare utvikling i jordbruket her enn i landet

Det er små skilnader i utviklinga dei siste 10 åra mellom fylket vårt og resten av landet. Tal frå 2008 og 2018 viser at landbruksproduksjonen i fylket vårt no har ein litt større prosentdelareal til poteter, grønsaker, tal sauer, ammegeiter og verpehøns enn for 10 år sidan. Vår del av viktige produksjonar som grovfôr, mjølkekyr, andre storfe, mjølkegeit, korn, frukt/bær, slaktegris og særleg ammekyr er mindre no enn for 10 år sidan. Talet på ammekyr har auka med 29 prosent i fylket vårt, men med heile 67 prosent i resten av landet.

I jordbruket vart det drive 43 674 dekar mindre her i fylket i 2018 enn i 2008. Grovfôr, korn og frukt/bær har gått attende, men arealet til potet- og grønsakproduksjon har auka litt. Reduksjonen av areal i drift er prosentvis større her i fylket (minus 7,5 prosent) enn i resten av landet (minus 3,3 prosent).

I skogbruket er det auka aktivitet, og auken er langt større i fylket vårt enn i resten av landet. Hogsten er nær tredobla på 10 år. 

2018 det varmaste og tørraste året på 70 år

Kombinasjonen av varme og tørke førte i 2018 til stor avlingssvikt og rekordmange søknadar om erstatning på grunn av klimabetinga avlingssvikt. I Møre og Romsdal hadde om lag 270 føretak (ca 10 prosent av bruka) så store skadar at dei fekk erstatning, mest for grovfôr.

I 2013 og 2015 fekk også mange erstatning. Men i 2018 var det nærare tre gonger så mange, så året var ekstraordinært. 

I enkelte fylke på Austlandet fekk nær alle erstatning. Hardast ramma av tørken var Trøndelag, Austlandet og Sørlandet.