Befolkningsstruktur etter kommunereform

Møre og Romsdal blir det tredje minste fylket

Regionreforma endrar det fylkeskommunale landskapet frå 1.1.2020. Det blir 11 fylke frå denne datoen, og Møre og Romsdal er eitt av tre fylke som held fram uendra (Nord- og Sør-Trøndelag vart slått saman frå 1.1.2019).

Rekna etter dei nye fylkesgrensene er Viken det klart største fylket med over 1,2 millionar innbyggarar i 2019. Dei neste er Oslo (681 071 innbyggarar) og Vestland (633 117 innbyggarar). Dei tre minste fylka er Nordland med 242 126 innbyggarar, Troms og Finnmark med 244 326 og Møre og Romsdal med 264 970.

Ålesund blir den 13. største kommunen 

Frå 1.1.2020 vil det vere 356 kommunar i Noreg, mot 428 kommunar før reforma starta i 2014. I same periode blir talet på kommunar i Møre og Romsdal redusert med 10. I tillegg skal Hornindal kommune skifte fylke frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal, og Halsa og Rindal blir ein del av Trøndelag fylke. 

Det skjer fem kommunesamanslåingar* i Møre og Romsdal:
• Ålesund: Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy
• Molde: Molde, Nesset og Midsund
• Volda: Volda og Hornindal
• Fjord: Norddal og Stordal
• Hustadvika: Fræna og Eide

Ålesund blir den klart største kommunen i Møre og Romsdal og den 13. største kommunen i Noreg. Med dei nye kommunegrensene får Ålesund 65 633 innbyggarar i 2019, mens Molde får 31 976 og Kristiansund 24 274 innbyggarar. Dei tre minste kommunane i fylket blir Smøla (2 134 innbyggarar), Sande (2 493) og Fjord (2 592).

Av kommunane i Møre og Romsdal med eit folketal under 3 000 personar per 1.1.2019 er det heile sju (Nesset, Ørskog, Midsund, Norddal, Halsa, Sandøy og Stordal) som slår seg saman med andre til større kommunar.