Arbeidsløyse

73 prosent korttidsledige

I august 2019 var delen arbeidsledige i Møre og Romsdal 2,2 prosent. 3 065 personar var heilt utan arbeid, ein nedgang på 10,7 prosent frå same månaden i 2018. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,2 prosent for kvinner og 2,2 prosent for menn. For landet er delen arbeidsledige 2,3 prosent. Høgast del arbeidsledige har Østfold (3,2 prosent) og lågast del Sogn og Fjordane (1,5 prosent).

Av dei 35 kommunane i fylket har 11 høgare eller lik arbeidsløyse som landet. Høgast arbeidsløyse er det i kommunane Hareid og Herøy med høvesvis 3,9 og 3,7 prosent. Lågast del arbeidsløyse har kommunane Norddal og Sandøy, begge med 0,6 prosent.

Høg arbeidsløyse er ikkje noko godt teikn for ein kommune, men svært låg arbeidsløyse (under 1 prosent) treng heller ikkje vere berre positivt då det kan signalisere ein stagnasjon i arbeidslivet.

Per august 2019 var 31 prosent av dei arbeidsledige under 30 år, 26 prosent mellom 30 og 39 år og 43 prosent over 40 år, i alt 3 065 personar. Av desse var 1 394 kvinner og 1 671 menn. 

27 prosent av dei arbeidsledige i Møre og Romsdal i 2019 (januar til august) er langtidsledige, dvs. arbeidsledige over seks månader, i alt 847 personar, 341 kvinner og 506 menn. 2 235 er registrert som korttidsledige (73 prosent), 917 kvinner og 1 318 menn.

Ser vi på ledige fordelt på yrkesgrupper, finn vi flest innan industrien. 473 personar med denne yrkesbakgrunnen er ledige i Møre og Romsdal. Dette er likevel ein nedgang på 16 prosent frå året før. Deretter kjem butikk og salsarbeid med 361 personar (nedgang på 5 prosent)

Registrert arbeidsløyse blant innvandrarar i Møre og Romsdal var i andre kvartal 2019 5,0 prosent, ned 0,8 prosentpoeng frå same periode i fjor.