Fødslar

Ytterlegare nedgang i talet på fødslar i 2018

Talet på fødde i Møre og Romsdal i 2018 var 2 641 om vi ikkje reknar med Rindal kommune. Sidan 1972 er det berre i 1976 og i 2006 at det er registrert lågare fødselstal, høvesvis 2 506 og 2 622. Det gjennomsnittlege talet på fødslar i femårs-perioden 2014–2018 er 11,1 prosent lågare enn for femårs-perioden ein generasjon tidlegare (1984–1988). Frå 2017 til 2018 fall talet på fødde i Møre og Romsdal med 41 eller 1,5 prosent. Reduksjonen på landsbasis var 2,7 prosent.

Dei største kommunane i fylket har naturleg nok dei høgaste fødselstala. I Ålesund vart det fødd 529 barn i 2018, ein auke på 13 barn (2,5 prosent) frå året før. I Molde vart det fødd 279 barn, ein kraftig auke på 13,9 prosent (34 barn) frå året før. I Kristiansund kom det 219 nye verdsborgarar i 2018. Det er 12 barn eller 5,8 prosent fleire enn i 2017. 

17 av dei 35 kommunane i Møre og Romsdal hadde nedgang i talet på fødde, mens dei resterande 18 kommunane hadde ein auke. Størst relativ auke var det i Midsund. I 2018 vart det fødd 17 barn mot 12 i 2017, ein auke på 41,7 prosent. Størst nedgang hadde Halsa med ein nedgang på 64,3 prosent. Der vart det fødd 5 barn i 2018 mot 14 barn i 2017.

Ytterlegare nedgang i fødselsoverskotet i 2018

Fødselsoverskot er talet på fødde minus talet på døde. Fødselsoverskotet i Møre og Romsdal gikk frå 2016 til 2017 ned med 20 personar til 450 personar. I 2018 fall fødselsoverskotet med ytterlegare 27 personar til 423 personar. Høgast fødselsoverskot hadde Ålesund med 176 personar, Molde med 76 personar og Giske med 66 personar. Størst fødselsunderskot var det i Rauma med 29 personar, Vanylven med 21 personar og Sunndal med 17 personar.

Færre barn blir fødd av einslege mødrer

I 2018 var 11,9 prosent av barna fødd av einslege mødrer (317 barn) i Møre og Romsdal. Tidleg på 2000-talet var det ein trend at ein større del av barna vart fødd av einslege mødrer, men denne delen har vorte lågare igjen dei siste åra. Ein annan tydeleg, langsiktig trend er at delen barn fødd av ei mor som er sambuar aukar mens delen barn fødd av ei mor som er gift blir lågare.

Tredje høgaste fruktbarheitstal for kvinner blant fylka

Eit måltal for fruktbarheit er samla fruktbarheitstal (SFT). Dette måltalet er definert som gjennomsnittleg tal levandefødde barn per kvinne i løpet av livet, om vi antar at fruktbarheitsmønsteret i måleperioden gjeld heile den fødedyktige perioden (15–49 år) til kvinna og at dødsfall ikkje skjer. Vi omtalar SFT som fruktbarheitstal i Fylkesstatistikken.

Fruktbarheitstalet for kvinner held fram med å falle. I 2018 fall talet med 0,04 til 1,70, det lågaste talet som er registrert i Møre og Romsdal dei siste 50 åra. For landet var fallet på 0,06 til 1,56. Berre to fylke hadde høgare fruktbarheitstal enn Møre og Romsdal i 2018, Sogn og Fjordane (1,73) og Rogaland (1,72). Oslo ligg på botn med eit fruktbarheitstal på 1,44, deretter kjem Oppland (1,49) og Finnmark (1,51). 

Den lange trenden for fruktbarheitstalet i Noreg og Møre og Romsdal er fallande. På slutten av 60-talet var fruktbarheitstalet i Møre og Romsdal over 3, 0,45 høgare enn i landet samla. Fylket har i perioden frå då og fram til i dag normalt hatt eit høgare fruktbarheitstal enn landet samla, med eitt unntak: I 2006 var Møre og Romsdal 0,03 lågare enn landet. Gjennomsnittleg har Møre og Romsdal hatt om lag 0,1 høgare fruktbarheitstal enn landet over dei siste 30 åra.

Fødealderen til kvinner auka med 0,1 år i fylket

Gjennomsnittleg fødealder (gjennomsnittsalder for alle kvinner som har født i løpet av eit år) for kvinner auka med 0,1 år i 2018 og enda på 30,6 år. I landet var den 31,1 år. Frå år 2000 har fødealderen for kvinner i fylket auka med 1,4 år mot 1,5 år i landet.