Grunnskole

Nedgang i elevtalet på barnetrinnet i 21 kommunar

21 av dei 35 kommunane i Møre Romsdal hadde nedgang i talet på elevar på barnetrinnet (1. til 7. trinn i grunnskolen) i perioden frå 2015 til 2018. Nesset, Sula og Smøla hadde størst prosentvis auke i tal elevar på barnetrinnet, høvesvis 11,1, 10,8 og 9,7 prosent. I elevtal var det størst auke i Sula (93 elevar), Ålesund (68 elevar) og Ørsta (47 elevar). Størst nedgang hadde Stordal med 20,8 prosent, Sunndal med 15,3 prosent og Sande med 11,6 prosent. I Hornindal kommune, som slår seg saman med Volda 1.1.2020, var nedgangen på ein elev. 

17 kommunar med nedgang i elevtalet på ungdomstrinnet

I tråd med dei demografiske trendane, var det nedgang i elevtalet på ungdomstrinnet (8. til 10. trinn i grunnskolen). 17 av dei 35 kommunane i Møre og Romsdal hadde nedgang frå 2015 til 2018. Samla var nedgangen i Møre og Romsdal på 19 elevar. I Hornindal, som blir ein del av Møre og Romsdal i 2020, var nedgangen på 8 elevar. Sandøy, Hareid og Midsund hadde størst auke med høvesvis 27,3, 23,8 og 14,2 prosent. I den andre enden finn vi Nesset, Stranda og Surnadal. I desse kommunane var nedgangen på høvesvis 33,1, 22,2 og 20,1 prosent.

I 11 kommunar gikk alle direkte frå grunnskole til vidaregåande opplæring

Overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring er naturleg nok viktig for at flest mogleg skal få ei utdanning. I 11 av kommunane gikk 100 prosent av elevane direkte over frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Det var kommunane Sande, Ørskog, Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylven, Haram, Nesset, Sandøy, Tingvoll og Aure. I tillegg oppnådde også Hornindal kommune tilsvarande resultat. Lågast var Gjemnes (89,2 prosent), Aukra (92,5 prosent) og Halsa (93,3 prosent).