Kollektivtrafikk

44 bussreiser i året per innbyggar i Møre og Romsdal

Kollektivandel blir ofte brukt for å seie noko om måloppnåing innan transportmiddelfordeling, særleg i byområda. Kollektivandel i denne undersøkinga er definert av Transportøkonomisk Institutt (TØI) til «drosje, buss/rutebil/ekspressbuss i rute, turbuss/chartret buss, trikk, T-bane/undergrunns-/forstadsbane, tog, rutefly, charterfly, ferge, rutebåt».

I den sist publiserte reisevaneundersøkinga gjennomført av TØI i 2013 og 2014 er det vist tal på transportmiddelfordeling i dei byområda der fleire enn 1 000 deltok i undersøkinga. Dei tre største byområda i Møre og Romsdal er blant desse, og vi ser av figuren at Molde og Kristiansund er blant dei områda med lågast kollektivandel. Det er likevel verd å merke seg at byane våre er på linje med Bodø, Gjøvik og Hamar, som er byar vi kan samanlikne oss med. Ålesund har høgast kollektivandel blant byane i Møre og Romsdal med seks prosent. Utanom dei største byområda i Noreg, er det berre Fredrikstad og Lillehammer frå denne oversikta som har høgare kollektivandel enn Ålesund. Kollektivandelen i Oslo er størst i landet med 26 prosent, Bergen er nest størst med 15 prosent.

Statistisk sentralbyrå publiserer kvart år ei fylkesvis oversikt over talet på bussreiser med fylkeskommunale bussruter per innbyggar. Talet på bussreiser er målt i talet på «påstigninger», sidan det er dette alle fylka kan måle. Oversikta viser at Møre og Romsdal har 44 bussreiser i året for kvar innbyggar i fylket. Det er berre fylke med storbymidlar (belønningsmidlar eller byvekstavtale) som har fleire bussreiser per innbyggar enn Møre og Romsdal. Oslo og Akershus har flest reiser per innbyggar med 134 reiser, mens Finnmark og Hedmark har færrast reiser per innbyggar med 24 reiser.