Godstrafikk

Auke i godstransporten, men dei regionale variasjonane er store

I slutten av 2018 kom rapporten om godstransport i Møre og Romsdal, laga av Asplan Viak. Rapporten gir eit bilde av utviklinga i godstransport over tid, da det i 2012 vart gjennomført ei tilsvarande kartlegging som tala frå 2017 blir samanlikna med. 

Utviklinga i transportmiddelfordelinga for gods transportert til og frå Møre og Romsdal viser ei relativt stabil utvikling med auke over tid, men med stor variasjon mellom regionane. Vegtransporten utgjer den største delen av samla godstransport i Ørsta/Volda, Sunnmøre sør. For Ålesundregionen, Sunnmøre nord, utgjer vegtransporten ein vesentleg del av samla godstransport, mens sjøtransporten utgjer ein monaleg del av samla godstransport for Romsdal og Nordmøre. Lufttransporten står for ein marginal del av den totale godstransporten, og kjem derfor ikkje fram i figurane for samla godstransport. I transportmiddelfordelinga for godstransport er bulktransport på sjø utelate, sidan det er ein varestraum som ikkje er aktuell for andre transportformer. 

Når ein ser bort frå bulktransport med skip, vart det i 2017 transportert rundt 8,5 millionar tonn gods til og frå Møre og Romsdal. Dette er ein auke på 9 prosent frå 2012, då den førre undersøkinga vart utført. Sidan 2012 er andelen gods på veg redusert frå 65 prosent til 63 prosent og banetransport frå 3 prosent til 2 prosent, mens det har vore ein auke på sjøtransport frå 32 prosent til 35 prosent. Det samla volumet transportert til, frå og gjennom Ørsta/Volda, Sunnmøre sør, er redusert med 6 prosent sidan 2012, mens det for Ålesundsregionen, Sunnmøre nord, har vore ein auke på 5 prosent frå 2012 til 2017. Regionen Romsdal og Nordmøre har hatt ein auke på 24 prosent frå 2012 til 2017.