Trafikkmengde

Stor variasjon i trafikkmengd på vegane i Møre og Romsdal

Trafikkmengda varierer på vegnettet i Møre og Romsdal, frå skjønnsmessige overslag på mindre enn 10 ÅDT (årsdøgntrafikk – talet på køyretøy kvar dag i gjennomsnitt gjennom heile året) og til meir enn 24 000 køyretøy registrert i trafikkteljingar. Det er, ikkje uventa, dei bynære strekningane som har høgast trafikk. Mange av vegane våre har store sesongvariasjonar, så det er derfor ikkje årsdøgntrafikken aleine som seier noko om kor viktig vegen er.

Det er strekninga Lerstad – Ålesund sentrum på E136 som har høgast trafikk saman med strekninga Blindheim – Moa på E39. Desse strekningane har ein ÅDT på meir enn 20 000 køyretøy. Om vi ser på strekningane som har ein ÅDT på mellom 15 000 og 20 000, finn vi at dette er strekningar på FV534 i Ålesund, RV70 rundt Kristiansund, E39 på Fuglset i Molde, E39 Vegsund – Blindheim og E136 i Ålesund sentrum og Moa. Til samanlikning har E6 mellom Høybråten og Alnabru i Oslo høgast trafikkmengd i Noreg med over 100 000 køyretøy i døgnet.

På fylkesvegnettet har strekningar rundt Ålesund/Moa og Molde den høgaste trafikken med mellom 10 000 og 15 000 ÅDT. Strekninga Breivika – Lerstad har den høgaste trafikken på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal med over 16 000 køyretøy kvart døgn.

Om vi ser nærare på nokre av fylkesvegane, finn vi at fylkesveg 65 på grensa mellom Møre og Romsdal og Trøndelag i Rindal har ein ÅDT på 1680 køyretøy, av dette 218 lange kjøretøy. På fylkesveg 61 på fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane i Nordfjord har vi ein ÅDT på 850 køyretøy, av dette 102 lange køyretøy. Fylkesveg 60 på fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane ved Grodås har ein ÅDT på 850 køyretøy, av dette 179 lange køyretøy. Fylkesveg 6192 på grensa til Trøndelag ved Hemne har ein ÅDT på 1680 køyretøy, av dette 218 lange kjøretøy.