Maritim Næring

Flest sjøfolk busett i Møre og Romsdal

Statistisk sentralbyrå publiserte i 2019 for første gong tal på lønstakarar i maritime næringar. I definisjonen til SSB på maritime næringar finn ein dei som i daglegtale blir omtala som «sjøfolk». I denne definisjonen finn ein lønstakarar som utfører arbeidet til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning. Dei maritime lønstakarane omfattar dermed to grupper: dei som jobbar om bord i ein båt, og dei som jobbar på ei flyttbar innretning eller boreplattform.

Talet på lønstakarar i dei maritime næringane, etter denne definisjonen, har gått frå 28 232 per 4. kvartal 2015 til 25 579 per 4. kvartal 2018, ein nedgang på 2 653 lønstakarar eller 9,4 prosent. Om lag halvparten av nedgangen kom blant lønstakarar som ikkje er busett i Noreg. I denne gruppa var nedgangen i perioden på 1 302 lønstakarar eller 31,1 prosent. I treårsperioden hadde Nordland og Møre og Romsdal størst nedgang i talet på «sjøfolk», med høvesvis 276 og 216. Frå 2017 til 2018 gikk talet på lønstakarar i maritime næringar som var busett i Noreg, opp, mens det gikk kraftig ned blant dei som er busett i utlandet. Samla var det ein nedgang på 518 maritime lønstakarar frå 2017 til 2018, der nedgangen blant busette i utlandet var på 753, men ein vekst på 235 blant dei som budde i Noreg. 

Møre og Romsdal er det fylket der det bur flest sjøfolk, med 4 544 maritime lønstakarar per 4.kvartal 2018. Det utgjer 17,8 prosent av det samla talet på maritime lønstakarar i landet, og 20,0 prosent av maritime lønstakarar som bur i Noreg. 

Over 90 prosent av dei maritime lønstakarane i fylket arbeider på skipstypen «anna», som omfattar blant anna fiskebåtar. Av dei i alt 4 544 maritime lønstakarane som bur i fylket, arbeider om lag 56 prosent på dekk, mens det er nest flest som arbeider med maskinar.