Bibliotek

Auka aktivitet i biblioteka

Biblioteket er ope og tilgjengeleg for alle. I Møre og Romsdal besøker kvar innbyggar biblioteket i snitt 3,2 gongar i løpetav eit år. Dette talet har vore stabilt dei siste sju åra. Gjennomsnittleg tal på besøk per innbyggar ligg på 4,7 i Noreg, ein auke på 0,6 besøk per innbyggar sidan 2012. Saman med Østfold har Møre og Romsdal færrast besøk per innbyggar. Dei kommunane som har nye biblioteklokale og har utvida opningstida, har fått stor auke i besøkstala. Smøla har hatt ein auke på 7,6 besøk per innbyggar sidan 2012 og Ulstein ein auke på 5,9. Størst nedgang i besøk har Sunndal og Stordal, begge med -1,7 besøk per innbyggar.

Talet på arrangement har auka meir i Møre og Romsdal enn nasjonalt, og vi har kome opp på 14. plass av fylka. Vi ligg likevel framleis under landsgjennomsnittet. I landssamanheng er det i snitt 11,3 arrangement per 1 000 innbyggarar, mens det i Møre og Romsdal er 8,4. Finnmark ligg framleis på topp. Det siste året har Sandøy, Tingvoll og Rauma hatt størst auke i arrangement per innbyggar. Ålesund hadde flest arrangement i 2018, med heile 236 arrangement. Lågast låg Halsa med 1,3 arrangement per 1 000 innbyggarar. 

Aktive lånarar er personar med minst eitt registret lån i 2018. I Møre og Romsdal var 13,6 prosent av innbyggarane aktive lånarar. I tillegg hadde kommunane lånarar frå andre kommunar. I Noreg er gjennomsnittet 14,2 prosent, og fire fylkehar færre aktive lånarar enn Møre og Romsdal. Stordal, Sandøy og Tingvoll skil seg positivt ut med over 20 prosent lånarar. Nedst finn vi Vanylven, Ørskog, Giske, Midsund og Aukra med under 10 prosent aktive lånarar.