Innvandring

Framleis svak vekst i innvandrarbefolkninga

Innvandrarbefolkninga, som består av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, i Møre og Romsdal, ikkje medrekna Rindal kommune, auka med 1 036 personar frå 2018 til 2019. Frå 2017 til 2018 var auken på 1 119 personar. Gjennomsnittleg vekst dei siste ti åra er 2 053, altså nesten det doble. Deler vi tiårs-perioden i to, var gjennomsnittleg vekst 2 584 personar i dei første fem åra og 1 522 dei siste fem åra av perioden.

Veksten i innvandrarbefolkninga svarer til 3,1 prosent siste år, den lågaste veksten sidan 2 000. Gjennomsnittet av den årlege prosentvise veksten i innvandrarbefolkninga sidan år 2 000 har vore 9,1 prosent, mens den var 14,7 prosent i perioden frå 2006 til 2012.

Innvandrarbefolkninga i fylket var ved inngangen til 2019 på 34 915 personar, 30 578 innvandrarar og 4 337 norskfødde barn av innvandrarar. Auken i talet på innvandrarar i løpet av 2018 var 666 personar, eller 2,2 prosent, som var 0,2 prosentpoeng lågare enn i 2017. Auken i talet på norskfødde barn av innvandrarar var 373 personar, tilsvarande 9,4 prosent eller 2,3 prosentpoeng lågare enn året før.

Innvandrarbefolkninga utgjer ein større del av innbyggarane i fylket i dag enn tidlegare. Ved inngangen til 2019 utgjorde dei 13,2 prosent av den samla befolkninga, ein auke på 0,4 prosentpoeng frå året før. Dette plasserer Møre og Romsdal på tolvte plass blant fylka i landet, det same som året før. I Noreg utgjer innvandrarbefolkninga 17,7 prosent. Høgast del har Oslo med 33,4 prosent, mens Nordland har lågast del med 10,4 prosent.

3,7 prosent av innvandrarbefolkninga i Noreg bur i Møre og Romsdal, mens tilsvarande del av den samla befolkninga er 5,0 prosent.

Låg del eldre i innvandrarbefolkninga

Barn og unge i alderen 0–19 år utgjer 24,9 prosent av innvandrarbefolkninga i fylket, 1,0 prosentpoeng høgare enn for befolkninga totalt (23,9 prosent). Aldersgruppa 24–44 år er mykje større i innvandrarbefolkninga (50,0 prosent) enn i befolkninga samla (30,7 prosent). Gruppa 67 år eller eldre utgjer berre 2,9 prosent av innvandrarane i fylket, mot 16,9 prosent for befolkninga samla.

Ser vi på befolkningsutviklinga sidan starten av 2000-talet, finn vi at innvandrarane «fyller» det holet i befolkningspyramiden som innanlandsk fråflytting har skapt i dei midtre aldersgruppene.

Arbeid er igjen den mest vanlege innvandringsgrunnen

I 2018 vart det registrert 1 610 nye innvandrarar busett i Møre og Romsdal, 420 færre enn i 2017 og 954 færre enn i 2016. I perioden 2010 til 2015 var arbeid den vanlegaste innvandringsgrunnen til fylket. Migrasjonen vi såg gjennom Europa, gjorde at flukt i 2016 var den vanlegaste innvandringsgrunnen til fylket for første gong. Dette endra seg i 2017 til at flest innvandra på grunn av familie, både familiegjenforeining og familieetablering/- utviding. Arbeidsinnvandrarane var igjen den største gruppa i 2018. Det året innvandra 568 personar på grunn av arbeid, 556 på grunn av familie, 333 på grunn av flukt, 142 på grunn av utdanning og 11 hadde andre grunnar.

I 2018 utgjorde arbeidsinnvandrarane 35,3 prosent (31,1 prosent i 2017), mens dei med familie som innvandringsgrunn utgjorde 34,5 prosent (35,3 prosent i 2017). Flukt vart oppgitt som årsak for 20,7 prosent (26,8 prosent i 2017) og utdanning av 8,8 prosent (5,9 prosent i 2017). Også nasjonalt har arbeidsinnvandring igjen vorte den mest vanlege innvandringsgrunnen i 2018.

Størst del med flukt som innvandringsgrunn flyttar

Av dei 2 979 innvandrarane som kom i 2010, budde 2 010 framleis i fylket i 2018, mens 33 prosent hadde flytta. Av dei som innvandra i 2010 med innvandringsgrunn flukt, hadde 47 prosent flytta frå fylket før 1.1.2019. Blant dei som innvandra på grunn av familie er flyttetapet 21 prosent, medan flyttetapet er 61 prosent for dei som busette seg i fylket på grunn av utdanning.

Framleis er det klart flest innvandrarar frå Polen som bur i Møre og Romsdal. Denne gruppa heldt seg stabil frå 2017 til 2018 (om lag 5 500 personar). Størst auke var det for innvandrarar frå Syria (210 personar), og dei er no den fjerde største innvandrargruppa i fylket.

Stor del arbeidsinnvandrar der innvandrarbefolkninga er ein stor del av befolkninga

Dei tre største regionane med innvandring til fylket er Europa utanom Tyrkia, Asia inkludert Tyrkia og Afrika. Per 1. januar 2019 hadde Møre og Romsdal høvesvis 18 834 innvandrarar (62 prosent), 7 240 (11 prosent) og 3 365 (24 prosent) frå desse tre regionane.

Samanhengen mellom regionbakgrunnen og innvandringsgrunnen er i hovudtrekk at dei frå Europa utanom Tyrkia er arbeidsinnvandrarar mens dei frå Afrika kjem som flyktningar. Også for dei frå Asia inkludert Tyrkia er flukt ein viktig grunn. I gruppa frå Amerika og Oseania er ikkje dette skiljet like klart, men denne gruppa er lita.

Karta viser dei ni kommunane med størst og minst del av innvandrarane frå dei ulike regionane, samt dei 17 kommunane som ligg nærast gjennomsnittet i ei gruppe. Stranda og Sande har størst innvandrarbefolkning (i prosent) av kommunane i Møre og Romsdal. I desse kommunane er innvandrarar frå Europa utanom Tyrkia den klart største gruppa (over 80 prosent), truleg i hovudsak arbeidsinnvandrarar.

Innvandrarbefolkninga størst på Sunnmøre

Innvandrarbefolkninga utgjer over 15 prosent av befolkninga i 11 kommunar i Møre og Romsdal. To av kommunane ligg i Romsdal, mens dei resterande ni er på Sunnmøre. Aller størst del har Stranda med 19,8 prosent, tett følgd av Sande med 19,1 prosent. Også i Hareid var innvandrarbefolkninga over 18 prosent. Tre kommunar har under 8 prosent, Surnadal (6,4 prosent), Vanylven (7,3) og Eide (7,6). Av dei tre største byane har Ålesund den største delen innvandrarar med 15,2 prosent, mot 13,3 prosent i Molde og 13,0 prosent i Kristiansund. Ålesund har fått 1 820 fleire personar i innvandrarbefolkninga dei siste fem åra, mens auken i Molde er 951 og i Kristiansund 404 personar.

Nedgang i innvandrarbefolkninga i Stordal dei siste fem åra

Alle kommunane med unntak av Stordal har hatt vekst i innvandrarbefolkninga dei siste fem åra. Størst prosentvis vekst i denne perioden hadde kommunane Halsa (112 prosent), Nesset (72 prosent), Surnadal (52 prosent), Skodje (48 prosent) og Smøla (47 prosent).

I løpet av 2018 hadde ti kommunar reduksjon i innvandrarbefolkninga. Størst reduksjon hadde Aure (-17 personar), Ulstein (-15 personar) og Vanylven (-14 personar).

Størst auke i innvandrarbefolkninga i Ålesund

Ålesund hadde ein auke på 388 personar i innvandrarbefolkninga i fjor, følgd av Molde med 154 og Sula med 79. Størst prosentvis vekst i løpet av 2018 var det i kommunane Sula (7,0 prosent), Gjemnes (6,4) og Ålesund (5,6).

Innvandring av menn har vore ein del av forklaringa på kvinneunderskotet i Møre og Romsdal, men dette kan sjå ut til å jamne seg litt ut no. Ved inngangen til 2019 utgjorde kvinnene 47,6 prosent av innvandrarbefolkninga i fylket, og det er 1,1 prosentpoeng meir enn for fem år sidan.