Trafikktryggleig

Liten auke i ulykkestala siste året – nedgang over tid

Førebelse tal viser 108 drepne i vegtrafikkulykker i Noreg i 2018. Dette er ein liten auke på drepne samanlikna med 2017, men talet på hardt skadde har gått ned.

Særtrekk ved ulykkessituasjonen i landet i 2018:
• Markant reduksjon i talet på hardt skadde
• Markant reduksjon i dei ni største byområda
• Lågt tal på drepne på tung/mellomtung MC
• Lågt tal på drepne og hardt skadde syklistar
• Lågt tal på hardt skadde på kommunale vegar
• Lågt tal på drepne i møteulykker
• Markant reduksjon i talet på drepne og hardt skadde på vegar med fartsgrense 50 km/t.

I 2018 vart 6 drepne og 26 hardt skadde i trafikken i Møre og Romsdal. 

Talet for 2017 var på 7 drepne og 40 hardt skadde. I perioden 2011 til 2018 utgjorde utforkøyringsulykker den største andelen (48 prosent) ulykker i Møre og Romsdal. Historisk er det flest alvorlege ulykker på riks- og europaveg her i fylket, men i 2018 var dødsulykkene på fylkesveg.

Det er mindre enn 10 prosent lågare risiko i Møre og Romsdal for å verte drepen eller hardt skadd per køyrde kilometer samanlikna med landsgjennomsnittet om ei ser alle vegar under eitt, og det er høgare risiko å ferdast i trafikken på fylkes- og riksvegar enn på kommunale vegar.

Stortinget har gjennom Nasjonal trasportplan 2018–2029 fastsett mål for trafikktryggleik. Målet om maksimalt 350 drepne og hardt skadde innan 2 030 krev systematisk arbeid og økonomiske rammer. For fylket vårt er målet 59 prosent reduksjon i talet på drepne og hardt skadde samanlikna med gjennomsnittet for 2004–2016.

Bruk av bilbelte og tryggleiksutstyr for barn i bil, bruk av tryggleiksutstyr for gåande og syklande, reduksjon av omfanget av køyring i rus, og at bilistane held fartsgrensene, er faktorar som vil ha stor betyding for å nå målet.