Utvikling i kommunane

Halvparten av kommunane har vekst i sysselsettinga

I perioden frå 4.kvartal 2014 til 4.kvartal 2018 gikk sysselsettinga i fylket medrekna Rindal, målt etter arbeidsstaden til dei sysselsette, ned med 2,0 prosent eller 2 592 sysselsette. Halvparten av kommunane opplevde ein auke i denne perioden, men nettoendringa var likevel negativ. For landet sett under eitt var det ein vekst på 1,2 prosent, tilsvarande om lag 32 000 sysselsette.

Kommunane med den verste utviklinga i femårsperioden var Ulstein, Kristiansund og Molde. I Ulstein gikk talet på sysselsette med arbeidsstad i kommunen ned med 1 015 personar, ein nedgang på heile 18,4 prosent. I Kristiansund var nedgangen på 1 006 sysselsette, mens Molde hadde 736 færre sysselsette. Det tilsvarar ein nedgang på høvesvis 8,2 og 4,1 prosent. Den relative nedgangen var større i Sande, Aukra og Ørskog enn i Kristiansund. Der var nedgangen frå 11,8 til 16,8 prosent, men målt i tal sysselsette var tala langt lågare.

Sterkast vekst målt i tal sysselsette var det i Volda, Skodje og Ålesund, alle med kring 250 fleire sysselsette i femårsperioden. Den sterkaste relative veksten hadde Skodje med 16,7 prosent og Smøla med 11,2 prosent.

Om ein ser på utviklinga det siste året i statistikken, syner tala ei betring i arbeidsmarknaden. Sysselsettinga auka i 24 av 36 kommunar frå 4. kvartal 2017 til 4. kvartal 2018, og også samla for fylket var utviklinga positiv. Samla vaks talet sysselsette med arbeidsstad i fylket med 1,7 prosent eller 2 185 sysselsette. Det er likevel svakare enn vekstraten for landet, som var på 2,1 prosent i same periode. På landsbasis vart det 56 400 fleire sysselsette i perioden.

Av kommunane hadde Ålesund, Molde og Haram best utvikling sist år, med ein vekst på høvesvis 657, 445 og 216 fleire sysselsette med arbeidsstad i kommunen. I Kristiansund gikk talet på sysselsette med arbeidsstad i kommunen ned med 129, mens det vart 59 færre sysselsette i Aukra og Sande, som var dei tre kommunane med størst nedgang i perioden.

Offentleg sektor største arbeidsgivar i 17 kommunar

Utviklinga i sysselsettinga var i store delar av perioden frå 2008 til 2018 svært positiv, men etter oljeprisfallet i slutten av perioden gikk sysselsettinga tilbake i mange kommunar i fylket. Særleg kommunane med ein stor del selskap i olje- og gassnæringar samt underleverandørar til dei næringane, vart råka.

Den samla sysselsettingsveksten i landet var i perioden på 6,2 prosent. I Møre og Romsdal var den til samanlikning berre 2,1 prosent. Det var sterk vekst i fleire av nabokommunane til Ålesund; Sula, Skodje og Giske hadde alle ein vekst på over 10 prosent frå 2008 til 2018. Utanom nabokommunane til Ålesund var det berre Smøla som hadde ein vekst på over 10 prosent. Aure, Ålesund og Volda hadde ein vekst på mellom fem til ti prosent, mens åtte kommunar hadde vekst på under fem prosent. Seks kommunar spreidd rundt i fylket hadde nedgang i sysselsettinga på inntil fem prosent, mens fem kommunar hadde ein nedgang på over 10 prosent i perioden. 

Største næring per kommune målt i tal sysselsette etter arbeidsstad viser at offentleg sektor er den største arbeidsgivaren i 17 av 35 kommunar i fylket. Desse kommunane er ofte kjenneteikna av at dei er utpendlingskommunar som er sterkt integrerte i den regionale arbeidsmarknaden. Med ei høg utpendling vil dei stadbundne oppgåvene, som særleg kommunal sektorer leverer, utgjere ein stor del av den samla sysselsettinga i dei kommunane.

Blant byane skil Molde seg ut. Mens Ålesund og Kristiansund har flest sysselsette i tertiærnæringane, er offentleg sektor størst i Molde. Smøla er den einaste kommunen der primærnæringane sysselsett flest.