Arbeidsplassdekning

Ulstein med høgast arbeidsplassdekning

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, til dømes ein kommune. Arbeidsplassdekning på over 100 prosent betyr at talet arbeidstakarar som arbeider i kommunen er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen. 

Etter den nye kommuneinndelinga er det seks kommunar i Møre og Romsdal som har ei arbeidsplassdekning på 100 prosent eller meir: Molde, Ålesund, Ulstein, Stranda, Sunndal og Smøla. Ulstein er høgast med 119,8 prosent, medan Molde er nest høgast med 116,2 prosent. Både Molde og Ålesund har fått ei lågare arbeidsplassdekning etter samanslåing med nabokommunar. Dette er heilt naturleg då desse kommunane tidlegare har hatt stor utveksling av arbeidskraft. Dei fem kommunane med lågast arbeidsplassdekning er Giske, Sula, Gjemnes, Hustadvika og Hareid. Dette er typiske bustadkommunar eller utpendlarkommunar. 

Om ein koplar pendlartala og arbeidsplassdekninga med geografisk kjennskap til fylket og kommunane, ser ein fort mønsteret der kommunane med høg arbeidsplassdekning har omlandskommunar med høg utpendling. I oversikten som viser pendlarstraumar mellom kommunane finn ein same mønster. Arbeidsplassdekninga i Møre og Romsdal er på 96,3 prosent. Den har halde seg stabilt over fleire år, og betyr at det i absolutte tal var 4 894 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar i fylket i 2019.

Tal sysselsette som både er registrert som busett og som arbeidstakar i same kommune utgjer til saman 97 833 personar i kommunane i fylket. Dei kommunane kor denne delen er størst i prosent av dei sysselsette som er busette i kommunen, er bykommuner og andre kommunar med relativt sterke arbeidsmarknader. I tillegg er det ofte slik at kommunar med lang reiseveg til andre, i større grad må vere sjølvforsynte med arbeidskraft grunna lågare pendlarvilligheit.