Sysselsetting menn og kvinner
Kjønnsdelt næringsstruktur i Møre og Romsdal
I alt 68 487 menn og 59 968 kvinner var sysselsett med arbeidsstad i Møre og Romsdal per 4. kvartal 2019. Det gir ei fordeling mellom menn og kvinner på høvesvis 53,3 prosent og 46,7 prosent. Også nasjonalt var fleire menn enn kvinner sysselsett. Menn utgjorde 52,8 prosent, mens kvinner utgjorde 47,2 prosent. Altså utgjorde sysselsette kvinner ein litt lågare del av dei sysselsette i Møre og Romsdal enn på landsbasis.
Tala for sysselsette etter arbeidsstad, kjønn og næring er basert på statistikk for kommuneinndelinga for 2019. I fire av 35 kommunar i Møre og Romsdal var fleire kvinner enn menn sysselsett. Dei fire kommunane var Volda, Norddal, Nesset og Tingvoll. Høgast del kvinner blant dei sysselsette hadde Volda og Nesset, med høvesvis 53,3 prosent og 53,2 prosent.
Nokre av kommunane i fylket hadde stor kjønnsforskjell i sysselsettinga. Av desse kommunane har fleire ein næringsstruktur som forklarer forskjellen, som til dømes Ulstein, der den mannsdominerte sekundærnæringa er svært viktig for sysselsettinga. Det er viktig å hugse at ein låg del sysselsette kvinner i enkelte kommunar ikkje nødvendigvis speglar låg sysselsetting blant kvinnene som bur der, da det er kvar arbeidsplassen er registrert, som er grunnlaget for statistikken.
Ut frå tabellen kan ein sjå at nokre næringar har ein tydeleg kjønnsprofil. Innan jordbruk, skogbruk og fiske er 85 prosent av dei sysselsette i fylket menn, og for landet under eitt er same del 79 prosent. Same tendens ser ein i sekundnæringane der delen menn er nær 80 prosent både i Møre og Romsdal og landet. Dei mest kvinnedominerte næringane er helse- og sosialtenester og undervising. Der er høvesvis 83,4 og 69,6 prosent av dei sysselsette kvinner. Den mest kjønnsnøytrale næringa er offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring. Der er forskjellen berre 0,4 prosentpoeng i favør kvinner nasjonalt.