Arbeidsløyse

Høg ledigheit grunna Koronapandemien

Koronapandemien har hatt store konsekvensar i arbeidsmarknaden, også i Møre og Romsdal. Sjølv om fylket har hatt relativt få smittetilfelle, har likevel konsekvensane av smitteverntiltaka og ringverknadane av lågare konsum nasjonalt og internasjonalt gjort at mange har blitt heilt eller delvis ledige. Per utgangen av juli 2020 var 9 868 personar heilt eller delvis ledige i Møre og Romsdal. Ved utgangen av februar var same tal 4 271 personar. Det er ein auke på 131 prosent. 

Flest ledige er det innan industriarbeid, med nær 1 500 personar, medan reiseliv og transport og butikk- og salsarbeid er dei to andre yrkesgruppene med høgast tal ledige. Begge gruppene hadde om lag 1 200 ledige kvar. Ledigheita innan butikk- og salsarbeid og reiseliv og transport er truleg knytt til utfordringane dei har hatt med smittevern, samtidig som det generelle konsumet har gått ned. Ledigheita i industrien er truleg knytt til utviklinga av oljeprisen. Den har gått frå å ligge på rundt 65 dollar fatet ved årsskiftet til ein botnrekord på under 20 dollar fatet i slutten av april, før den steig til kring 40 dollar fatet og har stabilisert seg kring den prisen i august og september. 

Dei gruppene som har hatt den største relative auken er dei med yrka ingeniørar og ikt-fag og leiarar. Begge desse gruppene har hatt ein auke i tal heilt eller delvis ledige på om lag 370 prosent. 

Ei næring skil seg tydeleg frå resten, det er jordbruk, skogbruk og fiske. Her har ledigheita berre auka med 1,4 prosent eller 2 personar, frå utgangen av februar til utgangen av juli. 

Ut frå tala kan ein sjå at det er lågare auke i ledigheita i yrke som ein finn i offentleg sektor. Mange av desse har samfunnskritiske funksjonar knytt til undervising og helse, pleie og omsorg. Samstundes har regjeringa oppmoda kommunane om å halde hjula i gang slik at ikkje den økonomiske utfordringa blir endå større. 

Flest ledige i dei yngre aldersgruppene

Det samla talet ledige, både dei som er heilt og dei som er delvis ledige, er høgast i aldersgruppa 30–39 år i fylket. Dei utgjer 2 475 personar, eller 25,1 prosent av alle ledige. Nest høgast er ledigheita i aldersgruppa 20–29 år. Om vi reknar med dei som er 19 år og eldre, utgjer desse to gruppene 24,4 prosent. Desse aldersgruppene utgjer halvparten av alle som er heilt eller delvis ledige i fylket, medan dei utgjer 42,4 prosent av talet sysselsette, noko som kan tyde på at dei til ein viss grad er overrepresenterte i talet ledige. 

Over halvparten av dei som er heilt eller delvis ledige har vidaregåande skole som høgaste utdanning. Denne gruppa utgjer 5 339 personar av den samla gruppa på 9 868 personar, tilsvarande 54,1 prosent. Dei med høgare utdanning inntil 4 år utgjer den nest største gruppa ledige. Dei utgjer 2 354 personar eller 23,9 prosent. Den gruppa med lågast ledigheit er dei med ukjent utdanningsbakgrunn. Denne gruppa utgjer i utgangspunktet ein låg del av den samla sysselsettinga og befolkninga. Av dei med kjent utdanningsbakgrunn er ledigheita lågast blant dei med lang høgare utdanning.

Kommunefordelt ser ein at det er kommunar på søre Sunnmøre kor det er høgast ledigheit, både målt i tal heilt ledige og delvis ledige i prosent av arbeidsstyrken. Særleg gjeld dette kommunane Herøy, Ulstein og Hareid. Desse tre kommunane hadde alle ei samla ledigheit på over 10 prosent av arbeidsstyrken i kommunen. Høgast andel heilt ledige var det i Hareid med 7,8 prosent, mens andelen delvis ledige var høgast i Ulstein med 4,2. Hareid hadde samla sett høgast ledigheit når ein ser desse gruppene saman, med 11,6 prosent av arbeidsstyrken. Ledigheita i desse kommunane heng saman med utfordringane i maritime petroleumsretta næringar som nemnd på førre side. Den kommunen med lågast ledigheit er Fjord, kor 3,6 prosent av arbeidsstyrken er heilt eller delvis ledig.