Fiskeri og havbruk

Kraftig auke i akvakulturen 

Sal av slakta matfisk frå Møre og Romsdal auka kraftig frå 2018 til 2019, med ei dobling både målt i vekt og i salspris. Bakteppet for denne kraftige auken er nedgangen frå 2017 til 2018, kor brakklegging med påfølgande utsett i store brakkleggingssoner førte til ein vesentleg reduksjon i produksjon og slaktevolum. I same perioden var det utfordringar med Pankreassjukdom på Nordmøre, med utslakting og flytting av fisk som resultat. 

I 2019 vart det selt nær 200 000 tonn matfisk til ein verdi på over 10 milliardar kroner. Nasjonalt vart det selt nær 1,5 millionar tonn matfisk til ein verdi av 72 milliardar kroner. Auken frå 2018 var nasjonalt på 6,7 prosent målt i tonn og 6,1 prosent målt i verdi. Som ein kan sjå ut frå tabellen, er det store svingingar i volum og følgeleg verdi. I Trøndelag gjekk salet i 2019 ned med om lag 120 000 tonn, nær 6 milliardar kroner. Tala viser tydeleg at dette er ei næring som er syklisk, kor uttak og sal av fisk kan gi store årlege variasjonar. 

Fangst til 4,6 milliardar kroner landa i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal har over lengre tid vore det fylket kor landa fangst har vore størst både målt i vekt og verdi. I 2019 var det framleis høgast verdi på fangst som vart landa i Møre og Romsdal, men Rogaland gjekk forbi fylket i rangeringa av landa fangst etter vekt. Verdien av fangst landa i Møre og Romsdal var på 4,6 milliardar, medan talet på landsbasis var om lag 21,2 milliardar. Målt i vekt var fangsten landa i fylket på 442 408 tonn, medan Rogaland stod for 503 045 tonn. 

Det er to artar fisk som står for 90 prosent av verdien av fangsten i Møre og Romsdal, det er torsk og torskeartar og pelagisk fisk. Desse to artsgruppene står for 4,1 av totalt  4,6 milliardar kroner. Pelagisk fisk er til dømes sild, sei og makrell.