Igangsette og fullførte bustadar

Vekst i bustadbygginga

Bustadbygging er ein god indikator på utviklinga i ein kommune. Folketalsutvikling og endringar i bustadkonsumet er dei viktigaste drivarane for etterspørselen etter bustadar. I kommunar med positiv folketalsutvikling vil aldersamansettinga i befolkninga, saman med det auka bustadbehovet, gi bustadbygging dersom det er tilgjengeleg areal. I 2019 vart det igangsett bygging av 1 382 bustadar i Møre og Romsdal, ein auke frå 2017 på 146 bustadar eller 11,8 prosent. Nasjonalt gjekk talet på igangsette bustadar ned med 3 630 eller 10,3 prosent.

Både i 2019 og i treårsperioden 2017–2019 vart det igangsett flest bustadar i Ålesund. Der vart det igangsett bygging av 405 bustadar i 2019 og 949 i treårsperioden. Nest flest bustadar vart i 2019 igangsett i Volda (137 bustadar) og tredje flest i Molde (133 bustadar). Samla for åra 2017–2019 kom Molde på 2. plass i fylket (425 bustadar). I 2019 vart det igangsett 10 eller færre bustadar i 18 av 35 kommunar, mens dei tre kommunane der det vart igangsett flest bustadar (Ålesund, Volda og Molde), stod for om lag halvparten med 675 av totalt 1 382 igangsette bustadar.

I perioden 2015 til 2019 vart det fullført bygging av om lag 6 000 bustadar i Møre og Romsdal. Av desse var om lag 35  prosent einebustadar, 40 prosent var rekkehus, 20  prosent blokker og 5 prosent såkalla andre bustadar som bu- og sørvissenter, bufellesskap, studentbustadar, hyblar og anna bygg enn bustadbygg. Nasjonalt er andelen einebustadar og rekkehus langt lågare enn i Møre og Romsdal, mens andelen blokker er høgare. Det heng saman med tett bustadbygging i dei store byane der blokkbustadar er dominerande. I femårsperioden utgjorde bustadbygginga i Oslo, Trondheim og Bergen om lag 20 prosent av den samla bustadbygginga i landet, med 32 467 av 152 305 bustadar.