Folketalsutvikling

Svak auke i folketalet i Møre og Romsdal

Det er teke utgangspunkt i den nye kommunestrukturen i presentasjonen av innbyggartala for kommunane og fylket. Statistisk Sentralbyrå (SSB) har utarbeidd samanslåtte tidsseriar, som gjer det mogleg å samanlikne innbyggartalet i dei samanslåtte kommunane og fylket tilbake i tid.

Det var ein svak oppgang i folketalet i Møre og Romsdal frå 2019 til 2020. Folketalet endra seg frå 264 970 innbyggarar i 2019 til 265 238 i 2020, ein auke på 268 personar. Dette gir ein prosentvis auke i folketalet i Møre og Romsdal på 0,1 prosent. I heile landet auka folketalet med 39 369 personar, noko som gir ein prosentvis auke på 0,7 prosent. I 2010 hadde Møre og Romsdal 248 798 innbyggarar. Folketalet har etter 2010 auka med 6,6 prosent, som gir ein vekst på 16 440 personar dei siste 10 åra. Det samla folketalet i landet har i den same perioden auka med 509 381 personar eller 10,5 prosent.

Vekst i folketalet i Ålesund

Molde og Kristiansund har hatt ein liten tilbakegang i folketalet frå 2019 til 2020. Molde har hatt ein tilbakegang på -9, mens tilbakegangen i folketalet i Kristiansund har vore på -95 personar. For Molde utgjer dette 0,04 prosent, mens det for Kristiansund er ein nedgang på 0,4 prosent. Ålesund har hatt ein vekst i folketalet på 625 personar sidan 2019, som gir ein prosentvis vekst på 1,0 prosent. 

Heile 19 av kommunane i fylket hadde nedgang i folketalet frå 2019 til 2020. Den største prosentvise tilbakegangen i folketalet finn vi i kommunane Fjord (-1,7), Vanylven (-1,5), Aure (-1,3) og Sande (-1,3). Kommunane med tilbakegang i folketalet er spreidd over heile fylket, så alle delar av fylket er påverka av denne utviklinga. Volda kommune har hatt den største prosentvise veksten i folketalet på 1,2 prosent, eller 124 personar.

Forskjellar i befolkningssamansettinga

Dei framskrivingane SSB har gjort av folketalet, viser at det innan få år blir vesentlege endringar i befolkningssamansettinga i kommunane. Fleire eldre og færre barn og unge vil påverke tenesteproduksjonen i mange kommunar i Møre og Romsdal. Det er forskjell på kommunane i alderssamansetting og fordelinga på dei enkelte aldersgruppene. I Fjord kommune var 7,6 prosent av innbyggarane i 2019 over 80 år. Ulstein hadde til samanlikning berre 3,9 prosent av innbyggarane sine i denne aldersgruppa. I aldersgruppa 0–5 år hadde Averøy den største prosentvise delen av befolkninga med 12,8 år prosent. I Fjord utgjorde same aldersgruppe 4,2 prosent av innbyggarane i kommunen. 

I Møre og Romsdal er det overskot av menn i dei aller fleste aldersgruppene. Det er berre i dei eldste aldersgruppene at kvinnene er i overtal. Det er ein ubalanse i talet på kvinner og menn heilt frå fødselen av, men ubalansen gjer seg ekstra gjeldande når dei unge når aldersgruppa 20–24 år. I Møre og Romsdal er det 1 096 fleire menn enn kvinner i denne aldersgruppa i 2020.

Årsaker til endringar i folketalet

Det er fleire forhold som er avgjerande for utviklinga i folketalet. Fødselsoverskotet, som er forholdet mellom talet på fødde og talet døydde, er ein viktig faktor. Det var ein nedgang i fødselsoverskotet i Møre og Romsdal frå 2018 til 2019 på 162 personar. Nettoinnvandring er ein annan viktig faktor i folketalsutviklinga. Nettoinnvandringa vart for Møre og Romsdal sin del redusert frå over 3 000 personar i 2012 til 958 personar i 2019. Den innanlandske nettoflyttinga har vore negativ i Møre og Romsdal over fleire år og har dei siste 3 åra stabilisert seg på rundt -1 000 personar.