Utdanningsnivået i befolkninga
Variasjon i utdanningsnivået i fylket
Det er framleis Volda kommune som har det høgaste utdanningsnivået. I 2019 hadde 40,4 prosent av befolkninga høgare utdanning. Dette er ein ytterlegare auke frå 2018, då 39,8 prosent av innbyggarane i Volda hadde høgare utdanning. Av dei tre store byane har Molde høgast utdanningsnivå. I 2019 hadde 38,1 prosent av innbyggarane over 16 år høgare utdanning. Ålesund er like bak med 35,8 prosent. I Kristiansund har 27,3 prosent av befolkninga over 16 år høgare utdanning. Det er i kommunane Vanylven, Smøla og Nesset at delen av befolkninga med høgare utdanning er lågast. I Nesset hadde 17,7 prosent av befolkninga høgare utdanning i 2019.
Størst auke i utdanningsnivået i kommunar på Sunnmøre
Alle kommunane i Møre og Romsdal har dei siste 10 åra fått auka delen av befolkninga med høgare utdanning. Størst endring har det vore i sunnmørskommunane Giske, Volda og Sula. Giske hadde den største auken med 8,3 prosentpoeng. Størst auke for kvinnene finn vi også i Giske kommune, der delen kvinner som har høgare utdanning har auka med 12,3 prosentpoeng sidan 2009. Størst auke for menn finn vi i Volda med 5,5 prosentpoeng.
Det er grunn til å tru at gruppa med lang høgare utdanning vil auke endå meir i åra som kjem. Vi veit til dømes at lærarutdanninga no har vorte 5-årig. Alle lærarstudentar vil på sikt gå ut med mastergrad og lektorkompetanse. Fleire og fleire utdanningsløp er no bygd ut med gode og relevante utdanningar på mastergradsnivå. I dag er det lagt til rette for ei lang rekke ulike mastergradsutdanningar som kan takast som vidareutdanning. Slike tilbod kan på sikt gjere at delen av befolkninga med lang høgare utdanning aukar ytterlegare.