Trafikktryggleik
Liten auke i ulykkestala i 2019
110 personar vart drepne i vegtrafikken i Noreg i 2019, to fleire enn året før. Ingen barn under 16 år omkom i trafikken. Talet på årleg omkomne er mellom 106 og 110 personar dei siste tre åra. Talet på dødsfall i trafikken aukar mest i alderen 25–44 år, mens det er størst nedgang i gruppa 45–64 år. I 2019 vart 10 drepne og 33 hardt skadde i trafikken i Møre og Romsdal. Talet for 2018 var 6 drepne og 33 hardt skadde.
Tunge køyretøy er involvert i nesten kvar tredje dødsulykke på landsbasis i 2019. Dette er det høgaste talet dei siste fem åra. Tala viser også at dei fleste ulykkene der tunge køyretøy er involvert, skjer i starten og slutten av året. Manglande brøyting og vanskeleg føre gjer det utfordrande å ferdast på vegane. Godt vedlikehald vinterstid er viktig for å førebygge ulykker med tunge køyretøy.
Statistikken for skadde og drepne i trafikken, viser at det har vore ein auke i talet på drepne det siste året. Trenden er likevel positiv, med færre skadde og drepne over tid.
Målkurva for drepne og hardt skadde i perioden 2004–2014 er uforandra, sjølv om og tidlegare Hornindal kommune (no Volda) no er inkludert, og Rindal og tidlegare Halsa kommune (no Heim) er fjerna.
Ulykkestypane i prosent dei siste fem åra i Møre og Romsdal samsvarar med landet elles. Utforkøyringsulykke og dernest møteulykke er det som tek flest liv eller fører til alvorlege skadar.
Stortinget har gjennom NTP 2018–2029 fastsett mål for trafikktryggleik. Det nasjonale målet om maksimalt 350 drepne og hardt skadde innan 2030 krev systematisk arbeid og økonomiske rammer. For fylket vårt er målet 59 prosent reduksjon i talet på drepne og hardt skadde samanlikna med gjennomsnittet for 2004–2016.