Vidaregåande opplæring – gjennomføring
Høgare fullføringsgrad i vidaregåande opplæring
Det er eit mål at flest mogleg elevar og lærlingar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Gjennomføring er måltalet for dette. Gjennomføring måler resultatet av opplæringa for elevane i vidaregåande opplæring etter fem (studieførebuande utdanningsprogram) og seks år (yrkesfaglege utdanningsprogram) etter at dei begynte på Vg1 for første gong.
Dei elevane som ikkje fullfører i løpet av fem/seks år, men fullfører på eit seinare tidspunkt, kjem ikkje med i denne statistikken.
Ver merksam på at vi skil mellom bustadkommune/bustadfylke og skolefylke, samt at dei som fullfører med planlagt grunnkompetanse, ikkje er rekna med om gruppa ikkje er særskilt omtala.
79,1 prosent av elevane som starta på ein vidaregåande skole i Møre og Romsdal i 2013 (2013-kullet), fullførte den vidaregåande opplæringa med studie- eller yrkeskompetanse innanfor tidsramma. Dette er 6,0 prosentpoeng høgare enn for 2006-kullet, og 0,1 prosentpoeng høgare enn for 2012-kullet. Samanlikna med landet er gjennomføringa i Møre og Romsdal eit prosentpoeng høgare for 2013-kullet. Historisk har gjennomføringa i Møre og Romsdal vore høgare enn for landet dei seinare åra. Forskjellen har minka, og han er no lågast av dei siste åtte årskulla. I 2013-kullet fullførte 64 personar med planlagt grunnkompetanse. Tar vi med denne gruppa i fullføringstala, var fullføringa 80,9 prosent.
*SSB la om utrekninga for gjennomføring i 2020 på seks år for yrkesfaglege utdanningsprogram (for studieførebuande utdanningsprogram er det framleis fem år). Den nye utrekninga er rekna bakover for kulla som starta frå og med 2006. Endringa gjer at det siste årskullet er det same som i fjor; dvs. dei som starta på vidaregåande opplæring i 2013.
Foreldra sitt utdanningsnivå har mykje å seie
Gjennomføringa i Møre og Romsdal er 89,5 prosent for elevar som har foreldre med lang høgskole- eller universitetsutdanning. Til samanlikning er gjennomføringa om lag 28 prosentpoeng lågare for elevar med foreldre som har grunnskoleutdanning som si høgaste utdanning, og i underkant av 13 prosent lågare for elevar med foreldre med vidaregåande utdanning som si høgaste utdanning. Det er liten forskjell på tala for Møre og Romsdal og for Noreg.
Tala for 2013-kullet er i tråd med tala for tidlegare kull, og dei viser ein sterk samanheng mellom gjennomføringa til elevane i den vidaregåande opplæringa og utdanningsnivået til foreldra. Dette sosioøkonomiske perspektivet er viktig sett i samanheng med sosial mobilitet.
Stor forskjell i gjennomføring mellom utdanningsprogram
Bryt vi gjennomføringa ned på utdanningsprogram, ser vi at det er høgast gjennomføringsgrad på dei studieførebuande utdanningsprogramma. I Møre og Romsdal var det 90,6 prosent frå 2013-kullet på desse utdanningsprogramma som fullførte med studiekompetanse. Det er 21,5 prosentpoeng høgare enn for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma der fullføringa var på 69,1 prosent. Forskjellen mellom utdanningsprogramma er den største for dei siste 8 årskulla. Samanlikna med landet er forskjellen litt større i Møre og Romsdal enn i landet for 2013-kullet.
Høgare fullføring for kvinner enn menn
Ein større del av kvinnene enn mennene fullfører med yrkes- eller studiekompetanse. For 2013-kullet var forskjellen 7,0 prosentpoeng (82,7 prosent for kvinner og 75,7 prosent for menn). Forskjellen er større på dei studieførebuande utdanningsprogramma enn på dei yrkesfaglege. Fullføringa for kvinner og menn er høvesvis 92,4 prosent og 87,9 prosent på dei studieførebuande utdanningsprogramma, mens tilsvarande tal for yrkesfaga er 69,8 prosent og 68,5 prosent.
Stor forskjell i gjennomføring mellom kommunane
Ser vi på kvar elevane bur i staden for kvar dei går på skole, finn vi som tidlegare år store forskjellar mellom kommunane i fylket når det gjeld gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det er vanskeleg å finne klare samanhengar i desse tala. Når ein les tala, må ein vere klar over at elevkulla kan vere små i enkelte kommunar, og at resultatet for enkeltelevar kan bety mykje for totalen. Dette gjer at tala kan svinge ganske mykje frå år til år. Rindal kommune er med i tala for 2013-kullet for Møre og Romsdal.
Gjemnes hadde høgast gjennomføring for 2013-kullet med 90,3 prosent framfor Ørskog med 89,7 prosent. Rindal var tredje best (88,9 prosent). Berre åtte av kommunane i fylket hadde lågare gjennomføringsgrad enn landet. Lågast var Sande med 58,3 prosent, Hareid (63,6 prosent) og Nesset (65,4 prosent).
Skil vi mellom utdanningsprogram, ser vi at både Aure, Gjemnes og Smøla hadde ein gjennomføringsgrad på 100 prosent for dei studieførebuande utdanningsprogramma. Lågast var Sande (56,3 prosent), Hareid (68,2 prosent) og Vanylven (77,8 prosent).
På dei yrkesfaglege utdanningsprogramma hadde Nesset lågast gjennomføringsgrad med 52,9 prosent, deretter kom Kristiansund (57,1 prosent) og Aure (61,3 prosent). Høgast gjennomføring på yrkesfaglege utdanningsprogram hadde Rindal med 91,7 prosent, Ørskog med 88,9 prosent og Midsund med 85,0 prosent.