Nyetableringar

Liten auke i nyetableringar i 2019

I 2019 vart det registrert 2 404 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er om lag på same nivå som året før, da det vart registrert 2 393 føretak. I landet elles gjekk tala på nyetableringar opp med 6,6 prosent. 17 av kommunane hadde auke i nyetableringar høgare enn landsgjennomsnittet. Aure, Surnadal og Aukra hadde høgast vekst med over 50 prosent auke frå året før. Av byane hadde Ålesund ein vekst på 1,5 prosent mens Molde og Kristiansund hadde ein liten nedgang frå året før. 

1 026 eller 42,7 prosent av dei nye føretaka i fylket vart etablert utanom dei tre store byane. Etter dei store byane var det flest nyetableringar i Herøy (95). På Nordmøre vart det etablert flest nye føretak i Surnadal (71) mens Fræna hadde flest nyetableringar i Romsdal (84).

Lågare etableringsgrad enn landssnittet

Etableringsgrad er eit mål som blir nytta for å samanlikne etableringsaktiviteten på ulike område. Etableringsgraden er talet på nyregistrerte føretak i forhold til eksisterande føretak. I 2019 var etableringsgraden i Møre og Romsdal 13 prosent og for landet 16 prosent. To kommunar i fylket hadde høgare etableringsgrad enn landsgjennomsnittet, og høgast var graden i kommunane Giske og Aukra. Lågast etableringsgrad var det i kommunane Gjemnes og Vanylven.

Målt i nyetablerte føretak pr 1 000 innbyggarar var talet på føretak i Møre og Romsdal mindre enn for landet sett under eitt, med unntak av Smøla som hadde 14 og Surnadal 12 etableringar pr 1 000 innbyggarar.

Høg overleving

Nyetablerte føretak i fylket har høgare overleving enn landsgjennomsnittet. Av føretak etablert i 2012 er 34,9 prosent framleis i drift etter 5 år. Det er 5,1 prosent høgare enn landsgjennomsnittet. Høgast overleving har Gjemnes med 65 prosent. Lågast overleving av føretak etablert i 2012 har Sandøy med 20 prosent.