Tildelingar frå Forskningsrådet

Kraftig auke i midlar frå Forskingsrådet

Løyvingane frå Forskingsrådet til Møre og Romsdal hadde ein jamn auke fram til 2016, så følgde tre år med nedgang. Ein auke på nær 44 millionar kroner frå 2019 til 2020 (per 9. september) gjer dette til eit toppår med ei samla løyving til fylket på nær 148 millionar kroner (per 9. september).

Til saman har 88 prosjekt i fylket fått støtte frå Forskingsrådet i 2020, det er 6 fleire enn i fjor. Dei fordeler seg på 17 av 26 kommunar i fylket. Nær halvparten (46,6 prosent) av midlane gjekk til 35 prosjekt i Ålesund. 16 prosjekt i Molde har fått løyve og 5 i Herøy.

Mest støtte har gått til innovasjonsprosjekt i næringslivet, 42,2 millionar kroner er fordelt på 24 prosjekt. Eitt innovasjonsprosjekt i offentleg sektor har fått 1,9 millionar kroner, medan 16 innovasjonsprosjekt utan sektorplassering fekk 34,2 millionar kroner. 

Ser vi på fordeling mellom fag, er det teknologi som skil seg ut med klart størst tildeling, med 94,9 millionar, i tillegg har prosjekt innan matematikk og naturvitskap mottatt 20,0 millionar kroner. Deretter kjem samfunnsvitenskap med 16,9 millionar kroner. I Møre og Romsdal er det berre tre prosjekt innan humaniora og eitt innan medisin og helsefag som fekk støtte i 2020.