Innvandring

Vekst i innvandrarbefolkninga

Innvandrarbefolkninga (innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre) i Møre og Romsdal har vakse mykje dei siste 20 åra. I 2000 var innvandrarbefolkninga i fylket 6 806 personar, i dag utgjer denne gruppa 35 598 personar. Innvandrarbefolkninga vaks frå 34 915 personar i 2019 til 35 598 i 2020, ein prosentvis auke på 2,0 prosent. Dette er ein nedgang i frå 2018, då innvandrarbefolkninga vaks med 1 036 personar eller 3,1 prosent. Veksten i innvandrarbefolkninga har gått ned over fleire år, spesielt har dette gjort seg gjeldande frå 2017. Veksten i innvandrarbefolkninga frå 2019 til 2020 er den lågaste sidan 2000. 

Talet på innvandrarar i Møre og Romsdal var per 1. januar 2020 30 965 personar mot 30 579 personar på same tid i 2019, ein vekst på 386 personar eller 1,3 prosent. I år 2000 var det 6 165 innvandrarar i Møre og Romsdal, gruppa har vakse med 24 800 personar dei siste 20 åra. Talet på norskfødde barn av innvandrarar har auka i takt med talet på innvandrarar i fylket. Tilbake i 2000 utgjorde denne gruppa 641 personar i Møre og Romsdal, dette har stige til 4 633 personar i 2020. Gruppa vaks med 297 personar frå 2019 til 2020, til samanlikning var veksten på 367 personar frå 2018 til 2019.

Innvandrarbefolkninga utgjer i 2020 13,4 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal. I år 2000 utgjorde same gruppe 2,6 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal. Innvandrarbefolkninga har vore viktig for å oppretthalde og framleis ha vekst i befolkninga i fylket. Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal utgjer 3,6 prosent av den totale innvandrarbefolkninga i Noreg. Det er noko lågare enn for heile befolkninga i Møre og Romsdal, som utgjer 4,9 prosent av befolkninga i landet.

Halvparten av innvandrarane er 20–44 år

Det er framleis få innvandrarar i dei yngste aldersgruppene. Barne og unge i alderen 0–19 år utgjer 24,7 prosent av innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal. Den største delen av innvandrarane er i aldersgruppene 20–44 år og 45–66  år. Innvandrarane i aldersgruppa 20–44 år utgjer nærare halvparten av alle innvandrarar i Møre og Romsdal (49,1 prosent). Det er òg få innvandrarar over 67 år, men i åra som kjem vil talet på innvandrarar som blir pensjonistar auke. Såleis følgjer innvandrarbefolkninga den same trenden som resten av befolkninga. Innvandrarar som er over 67 år utgjer 3,1 prosent av innvandrarbefolkninga i fylket, dette er ein liten auke frå 2019, då gruppa utgjorde 2,9 prosent.

Flest menn i innvandrarbefolkninga

Det er berre i aldersgruppene 67–79 år og «80 år og eldre» at det er eit overtal av kvinner. Særleg i aldersgruppene 20–44 år og 45-66 år er ubalansen mellom kjønna stor. I desse gruppene er det 823 og 537 fleire menn enn kvinner. 

Størst innvandring frå Polen

Det har kome flest innvandrarar til fylket frå Polen, i tillegg er det mange som innvandrar frå Litauen og Tyskland. I 2020 var det 6 267 personar med bakgrunn frå Polen som budde i Møre og Romsdal, tilsvarande var det 3 763 som hadde innvandra frå Litauen. Det var vekst i innvandringa frå begge desse landa frå 2019 til 2020, med ein auke i nettoinnvandringa på 89 personar frå Polen og 78 personar frå Litauen. Arbeidsinnvandringa har vore ein viktig årsak til innvandringa til Noreg dei siste 30 åra, 34 prosent av innvandringa har hatt arbeid som årsak. Viktigaste årsaka til auken i innvandringa til landet har vore familie, både familiegjenforeining og familieetablering/-utviding. Heile 35,6 prosent av innvandrarane kom som følgje av dette.

Stor innvandrarbefolkning i Sande

Alle kommunane i Møre og Romsdal har hatt vekst i innvandrarbefolkninga dei siste 10 åra. I Sande kommune har 18,6 prosent av befolkninga innvandrarbakgrunn i 2020, ein vekst frå 2015 då talet var 16,8 prosent. Ålesund, med sine 9 066 innbyggarar med innvandrarbakgrunn, er den av dei tre største byane i fylket som har flest innbyggarar med innvandrarbakgrunn. Innvandrarbefolkninga i Ålesund har sidan 2010 vakse med 4 439 personar eller 95,9 prosent. I Molde og Kristiansund utgjer innvandrarbefolkninga 3 611 og 2 732 innbyggarar, som utgjer for begge kommunane 11,3 prosent av den samla befolkninga. Dette er om lag på nivå med gjennomsnittet i fylket som er 11,7 prosent. Surnadal er den kommunen som har lågast del av befolkninga med innvandrarbakgrunn med 6,1 prosent av befolkninga. Det er stor variasjon kommunane imellom når det gjeld kor stort innslaget er av innbyggarar med innvandrarbakgrunn. Sande og Surnadal representerer ytterpunkta der innvandrarbefolkning utgjer 18,6 og 6,1 prosent av innbyggarane. 

Nedgang i talet på innvandrarar i fleire kommunar

Veksten har for mange kommunar blitt svakare dei siste fem åra, og fleire kommunar som til dømes Fjord, Vestnes og Ulstein har sidan 2015 hatt ein nedgang i talet på innbyggar med innvandrarbakgrunn. Seks av kommunane i fylket har hatt nedgang i talet på innvandrarar sidan 2015, Kristiansund har hatt størst nedgang med 175 personar.

Vekst på Sunnmøre

Det er framleis vekst i innvandrarbefolkninga i fleire kommunar, om vi ser dette i eit 5-årsperspektiv. Mange av desse kommunane finn vi på Sunnmøre, med Ålesund kommune som den kommunen med størst vekst i talet på innvandrarar dei siste 5 åra. Innvandrarbefolkninga i Ålesund kommune har auka med 764 personar sidan 2015.