Personinntekt

Inntektene aukar svakt, det same gjer forskjellen mellom menn og kvinner

Hovudpostar frå likninga viser median og kjønnsfordelte gjennomsnittsinntekter for innbyggarar som er 17 år og eldre i kommunane i fylket. Bruttoinntekta er alle lønns-, nærings-, pensjons- og kapitalinntektene. I 2018 var median bruttoinntekt (midtverdien om ein sorterer alle bruttoinntekter i fylket stigande) 390 500 kroner, 2,8 prosent lågare enn median bruttoinntekt for landet. Median bruttoinntekt for kommunane i fylket har auka med 5,3 prosent frå 2016 til 2018. Nasjonalt var auken på 5,6 prosent.

Som i 2016 og 2017 hadde Molde høgast median bruttoinntekt med 412 600 kroner, mens Halsa låg nedst med 347 100 kroner. 

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn i 2018 var 446 500 kroner i Møre og Romsdal og 466 400 kroner for landet samla. Primærnærings- og industrikommunen Sandøy har den høgaste gjennomsnittlege bruttoinntekta i fylket både for kvinner og menn samla, og for menn. Molde er den kommunen som har den høgaste gjennomsnittlege bruttoinntekta for kvinner. På andreplass kjem Ålesund, og begge desse kommunane ligg over landet når det gjeld gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner.

For menn var den gjennomsnittlege bruttoinntekta i Møre og Romsdal i 2018 på 531 300 kroner, mens ho for kvinner var 358 400 kroner. Dette er ein forskjell på 172 900 kroner, og det betyr at menn i Møre og Romsdal i gjennomsnitt har ei bruttoinntekt som er heile 32,5 prosent høgare enn kvinner. For landet er denne forskjellen på 30,5 prosent. Kjønnsforskjellane i gjennomsnittleg bruttoinntekt er altså litt større i fylket enn i landet. I Sandøy kommune er forskjellen størst. Der har bruttoinntekta til kvinner i 2018 falle under 50 prosent av menn si inntekt. Kommunen med lågast forskjell er Rindal.