Landbruk

Kornarealet halvert på ti år

Det er ein langvarig trend at talet på bruk i drift og areal i drift går ned. Det gjeld dei fleste produksjonar, men ikkje alle. For poteter og grønsaker var det i Møre og Romsdal registrert meir areal i 2019 enn i 2009, men i perioden varierer arealtala frå år til år. For korn har det vore ei tydeleg utvikling. Kornarealet i Møre og Romsdal er halvert på desse 10 åra.

Tal ammekyr har hatt ein tydeleg auke, sjølv om auken ikkje er like stor her i fylket som for landet. At ammekutalet har stige heng saman med at mjølkekutalet har gått ned. Samla tal kyr har dei 10 åra frå 2009 til 2019 gått ned med over 3 000 kyr i fylket. Halvparten av det (litt over 1 500 kyr) skuldast at Rindal kommune gjekk til Trøndelag fylke i 2019. Også for dei andre tala (areal og dyretal) er det viktig å ha med seg at Møre og Romsdal fylke vart mindre i 2019. 

Mjølkeproduksjon over heile fylket

I Møre og Romsdal er det mjølkeproduksjon i alle kommunane, men nokre kommunar peikar seg ut med eit større volum, som figuren syner. I seks av kommunane (Fræna, Surnadal, Ørsta, Rauma, Nesset og Gjemnes) vart det i 2019 produsert meir enn 62 millionar liter mjølk. Dette utgjorde 45 prosent av fylket sin samla produksjon på 135,8 millionar liter, og inneber at mjølkeproduksjonen står sterkt i desse kommunane. Dette i motsetnad til 10 andre kommunar med færre enn 5 hentepunkt/produsentar av mjølk, og som dermed har eit langt meir sårbart produsentmiljø. 

Oppkjøp av kvote i 2020

Som følge av WTO-avtalen frå 2015 må Noreg avvikle eksportsubsidiane innan 2021, og mjølkeproduksjonen må reduserast. I jordbruksoppgjeret 2019 vart partane einige om ei oppkjøpsordning i 2020 med sikte på å kjøpe ut 40 mill. liter grunnkvote. Regionane set ei geografisk ramme for kor kvotane kan flyttast, og sal, kjøp eller leige av kvote kan berre gjerast innan regionen. Møre og Romsdal er eigen produksjonsregion. Ordninga er såleis eit viktig landbrukspolitisk tiltak for å behalde mjølkeproduksjonen i fylket vårt. Tabellen syner kommunevis fordeling og volum selt kvote i oppkjøpsordninga i 2020 (foreløpige tal pr august).

Hausting av granplantinga frå 50- og 60-talet er i gong

Skogreisingsperioden i Møre og Romsdal gjekk frå rundt 1950 til om lag 2000. Dette var ei stor satsing initiert av staten, der det i enkelte kommunar vart planta totalt over 15 000 dekar gran mellom 1950 og 1960. I dag blir det planta rundt 4 000 dekar årleg i heile Møre og Romsdal.

Plantefelta frå 50-talet har i dag 50–70 m3 med tømmervolum per dekar. Hogstvolumet i fylket har vore 250–300 000 m3 per år dei siste åra. Over 90 prosent av dette er gran. Kommunane med mest planting har no høgast hogstvolum. Orkanen i 1992 førte til rekordhogst året etter. Grantømmeret vert skipa ut av fylket. Sagtømmeret av furu går til sagbruk her i fylket.

Skog bind CO2

Nasjonale klimamidlar går mellom anna til tettare planting og gjødsling av skog. Opptak av CO2 er tett korrelert med skogen sin tilvekst. 

Det er planta 450–475 000 dekar gran her i fylket. Granskog kring 45–50 år gammal veks godt og bind årleg om lag 1.5 tonn CO2/daa/år. Samla utgjer dette kring 650–700 000 tonn CO2 som vert bunde kvart år.

Miljødirektoratet sine berekningar frå 2018 viser at Møre og Romsdal har eit totalt utslepp på 2,51 millionar tonn CO2. Skogen sitt opptak i fylket er rekna til 1,22 millionar tonn CO2, altså nesten halvparten av utsleppet!

Skog tel ikkje i klimaberekningane for dei globale klimaavtalene, men vi har forskingsprosjekt på binding og frigjering av CO2 i skogsjord.