Reiseliv

Auka overnatting på campingplassar, hyttegrender og vandreheimar i fylket

Møre og Romsdal hadde i 2019 totalt 1 645 022 overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar, ein auke på 6,1 prosent samanlikna med 2018. Nordmenn er den største kundegruppa med 1 021 745 gjestedøgn i 2019, ein auke på 3,8 prosent frå 2018. Den største auken stod likevel utanlandske gjestedøgn for med ein vekst på 10,2 prosent samanlikna med 2018. Nordmenn var den viktigaste marknaden for reiselivsbedriftene i fylket og stod for 62,1 prosent av det totale talet på overnattingar. Dei viktigaste marknadene for fylket er Noreg, Tyskland, Sverige, Nederland og Storbritannia.

Den største auken kom i segmentet campingplassar, hyttegrender og vandreheimar der auken frå 2018 til 2019 var på 13,3 prosent. Hotellsegmentet hadde i same periode ein auke på 2,4 prosent.

Møre og Romsdal hadde 4,7 prosent av totale overnattingar i Noreg og 18,2 prosent av totale overnattingar i Fjord Norge-regionen i 2019.

I tillegg til dette kjem cruise- og hurtigruteturistane og privat utleige som mellom anna AirBnB. Cruise- og hurtigruteturistane blir rekna som dagsturistar sidan dei ikkje overnattar i land. Møre og Romsdal er det største cruisefylket på Vestlandet, og 923 011 cruisepassasjerar fordelt på 492 cruiseanløp besøkte fylket i 2019. Dette er ein auke på 1 prosent i talet på anløp og ein auke på 4,3 prosent i talet på dagspassasjerar samanlikna med 2018. Geiranger er den tredje mest besøkte hamna i landet, etter Bergen og Stavanger.

I perioden januar–juli 2020 hadde Møre og Romsdal 799 087 overnattingar ved kommersielle anlegg, ein nedgang på 21,8 prosent samanlikna med same periode i 2019. Nedgangen kom i utanlandske gjestedøgn (-81,2 prosent), som sjølvsagt skuldast Covid 19, mens overnattingar for nordmenn i same periode auka med 15,9 prosent.