Bustadsal

Svakt fall i talet på omsetnadar

I perioden 2017 til 2019 auka talet på omsetnadar i bustadmarknaden med 5,4 prosent nasjonalt, mens talet i Møre og Romsdal gjekk ned med 0,5 prosent. I alt var det om lag 90 000 omsetnadar i landet sett under eitt, og av desse fann om lag 4 000 stad i Møre og Romsdal. Kommunane med størst auke i omsetnadar var Ålesund, Kristiansund og Haram, mens Molde, Fræna og Ørsta hadde størst nedgang i talet på omsetnadar. Ein omsetnad er ei omsetning av ein bustadeigedom med heimelsoverføring i fritt sal.

Den samla kjøpesummen for omsetnadane nasjonalt bikka 356 milliardar kroner i 2019, og av desse var 11,4 milliardar omsetnadar i Møre og Romsdal. Samla kjøpesum er resultatet av den berekna gjennomsnittlege kjøpesummen per omsetnad gonge med talet på omsetnadar. Såleis er dette eit resultat av volumet av omsetnadar og prisnivået i kommunen. Ikkje overraskande var den samla kjøpesummen høgast i Ålesund. Forskjellen i prisnivå mellom Kristiansund og Molde gjer at det er relativt stor forskjell mellom dei to kommunane trass i at talet på omsetnadar var omtrentleg likt. Ein bør vere varsam med å legge for mykje vekt på prosentvis endring i volum, prisnivå og samla kjøpesum i kommunar med få omsetnadar.

Gjennomsnittleg kjøpesum per omsetnad var 3,97 millionar kroner for landet sett under eitt, mens han i Møre og Romsdal var 2,81 millionar kroner. Forskjellen er om lag 1,1 millionar kroner, eller 41,2 prosent. Gjennomsnittleg kjøpesum auka frå 2018 til 2019 med 4,9 prosent nasjonalt og 2,5 prosent i Møre og Romsdal. Dei siste to åra har ingen kommunar i fylket hatt ein gjennomsnittleg kjøpesum som har vore høgare enn landsgjennomsnittet. I 2019 var Ulstein kommunen som hadde den høgaste gjennomsnittlege kjøpesummen med Molde og Ålesund på dei neste plassane i prisrangeringa.

Av dei 35 kommunane i fylket i 2019 hadde 23 prisauke i frå 2018 til 2019 i, mens dei resterande 12 hadde nedgang.