Tilstand bruer
Mange gamle bruer på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal
Det er totalt 967 konstruksjonar som blir forvalta etter det nasjonale regelverket for bruforvalting på fylkesvegane i Møre og Romsdal. Storparten er vegbruer. Regelverket krev regelmessig inspeksjon for å få innsikt i tilstanden til konstruksjonane.
Statens vegvesen kartla vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2018/2019. Etterslepet for bruene på fylkesvegane er i kartlegginga berekna til litt over 1,5 milliardar kroner. Fem prosent av vegbruene på fylkesvegnettet har svært alvorlege skadar/manglar i dag. Dette er skader som truer bereevna til brua, eller tryggleiken til trafikantane som bruker brua.
Vedlikehaldsbehovet for vegbruer er stort. Årsakene er i hovudsak alderen til bruene, korleis dei er bygd, og miljøet dei står i. Vegeigar vil utføre tiltak på bruer som kan vere ein fare for liv og helse.
Ei nasjonal målsetting om 100 års levetid for bruer kom rundt 1990. Denne målsettinga førte til mykje strengare krav til mellom anna samansettinga til betongen og betongoverdekkinga, samt omsynet til miljøet som konstruksjonen skal stå i. Dei strenge krava gjeld ikkje for konstruksjonane som vart bygd frå rundt 1960 til 1990. Regelverket på den tida la til grunn ei levetid på 50–60 år. 60 prosent av bruene på fylkesvegane i Møre og Romsdal vart bygd i dette tidsrommet.
Miljøet som brua står i, vil påverke tilstand og levetid. Betongbruer som kryssar sjø, får ofte omfattande skadar. Over halvparten av det samla talet brumeter bygd i perioden 1960–1990 går over sjø. Det betyr at behovet for større vedlikehald eller utskifting av bruer dei næraste åra er stort.
Indikatorar for vegbruer: Tal vegbruer med svært alvorleg skade/mangel: 46 av 850 Tal vegbruer med alvorleg skade/mangel: 157 av 850