Psykiske symptom og lidingar

Auke i psykiske symptom og lidingar 

Auken i psykiske symptom og lidingar i perioden 2013–2015 til 2016–2018 er større i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet, men fylket har framleis lågare tal enn landet. For aldersgruppa 0–74 år var det i 2013–2015 (gjennomsnitt for 3-års perioden) 137 personar per 1 000 innbyggarar som var i kontakt med fastlege eller legevakt for psykiske symptom og lidingar, medan det var 149 personar i 2016–2018, ein auke på 8,8 prosent. Tilsvarande tal for landet viser ein auke frå 145 til 154 per 1 000 innbyggarar, ein auke på 6,2 prosent. 

Ser ein på personar i alderen 15–29 år, finn ein at 137 personar per 1 000 innbyggarar i Møre og Romsdal tok kontakt med fastlege eller legevakt i 2013–2015, mens 161 personar per 1 000 innbyggarar tok kontakt med primærhelsetenesta i 2016–2018. Tilsvarande tal for landet viser ein auke frå 146 til 166 per 1 000 innbyggarar.

Statistikk på bruken av primærhelsetenesta kan seie noko om helsetilstand og utbreiing av sjukdom i befolkninga. Folkehelseinstituttet opplyser at arvelegheit for psykiske plager og lidingar er forholdsvis moderat. Det vil seie at miljøforhold samla er noko viktigare enn genar for psykiske plager og lidingar. Sosial støtte og nærleik til andre menneske er mellom faktorane som beskyttar den psykiske helsa.

Gjennom Ungdata-undersøkingar i ungdomsskolen kjem det fram av elevsvara i Møre og Romsdal at 14 prosent var mykje plaga av depressive symptom. Her var tala stabile i åra 2017, 2018 og 2019. Tala for landet viser ein auke frå 13 prosent i 2017 til 15 prosent i 2019. Her var elevane spurt om dei den siste veka hadde vore plaga av noko av følgande: «Følt at alt er et slit», «Hatt søvnproblemer», «Følt deg ulykkelig, trist eller deprimert», «Følt håpløshet med tanke på framtida», «Følt deg stiv eller anspent» og «Bekymret deg for mye om ting».