Eksport

Nedgang i eksporttala per juli 2020

Eksport av tradisjonelle varer frå fastlands-Noreg hadde i 2019 ein samla verdi på 472,8 milliardar kroner, ein auke på 14,7 milliardar samanlikna med 2018. Dette gir ein vekst på i overkant av 3 prosent, som er ein litt større auke enn året før, då veksten berre var på om lag 1 prosent. Hordaland er det desidert største eksportfylket. Deretter kjem Møre og Romsdal og Rogaland. Desse tre fylka eksporterte tradisjonelle varer for til saman nær 163 milliardar kroner i 2019, som utgjer om lag 34 prosent av den samla norske eksporten. Eksporten frå Møre og Romsdal i 2019 var på over 45 milliardar kroner, om lag 9,5 prosent av den nasjonale eksporten.

Ein stor del av eksporten frå Noreg er fisk og fiskeprodukt, som hadde ein verdi på over 104 milliardar kroner i 2019. Møre og Romsdal sin del av denne fiskeeksporten var på 22,2 milliardar kroner. Dette gjer Møre og Romsdal til fylket med størst fiskeeksport i landet, og fylket står åleine for over 21 prosent av den samla fiskeeksporten. Fiskeeksporten frå Møre og Romsdal auka med 2,3 milliardar frå 2018 til 2019, ein auke på nær 12 prosent.

Eksportstatistikken blir utarbeidd kvar månad, og det gjer at vi vanlegvis kan samanlikne førebelse eksporttal for alle fylka til og med juli månad for inneverande år med tala for året før. I denne utgåva av fylkesstatistikken blir dette vanskeleg fordi det i 2020 er ny struktur på fylkesinndelinga. Vi kan likevel samanlikne den samla eksporten for landet for juli 2019 og juli 2020, og vi kan sjå på dei fylka som har dei same fylkesgrensene som tidlegare. Dette gir, ikkje overraskande, eit bilete der eksporten går ned, bortsett frå i Oslo. Den samla eksporten for landet per juli 2020 har gått ned med nær 200 milliardar kroner samanlikna med juli 2019, ein nedgang på 7,2 prosent. For Møre og Romsdal er nedgangen på nær 8 prosent, og for Rogaland litt over 9 prosent.