Pendling

Auke i pendlinga i dei fleste kommunane

Pendling er definert som ei arbeidsreise der arbeidstakar kryssar minst ei kommunegrense mellom heim og arbeid. Pendlinga inn til fylket har hatt ein tiltakande auke etter den markante nedgangen frå 2014 til 2015. I 2019 pendla i overkant av 5 300 sysselsette inn til fylket frå andre fylke. Utpendlarar frå fylket til kommunar i andre fylke har også auka jamt sidan 2016.

Målt i absolutte tal, er Ålesund den største innpendlingskommunen i fylket med 8 814 innpendlarar. På dei neste plassane kjem Molde, Ulstein, Volda og Kristiansund. Dersom ein måler innpendling i prosent av sysselsette, kjem Skodje høgast med 52,5 prosent. Innpendlinga har dermed vorte så høg i 2019 at meir enn halvparten av dei som er sysselsett i kommunen, pendlar inn. Andre kommunar med stor innpendling i prosent av dei sysselsette er Ulstein, Stordal, Volda og Hareid.

Utpendlinga i prosent av busette auka i 2019 i 30 av dei 35 kommunane i fylket samanlikna med 2018. Skodje kommune utmerkar seg med at heile 64 prosent av dei busette pendlar ut av kommunen på arbeid. Fire andre kommunar ligg på over 50 prosent. Mange av desse kommunane har likevel relativt høg innpendling i prosent av dei sysselsette. Dette viser ein spesialisert arbeidsmarknad, der utveksling av kompetanse gir stor pendling i fylket.

Pendlingsmatrisa viser at den største utvekslinga av arbeidskraft skjer frå Sula til Ålesund med 2 039 pendlarar, frå Giske til Ålesund med 1 688 pendlarar og frå Fræna til Molde med 1 554 pendlarar i 2019. Elles er Ørsta og Volda ein stor integrert arbeidsmarknad med 1 145 pendlarar frå Ørsta til Volda og 741 pendlarar frå Volda til Ørsta. Dette utgjer dei tyngste pendlarstraumane i fylket.