Høgare utdanning i Møre og Romsdal

Auke i talet på studentar ved høgskolane i Molde og Volda

Talet på studentar ved dei tre høgare utdanningsinstitusjonane i fylket, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU i Ålesund, har auka frå 2018 til 2019. I 2018 var det 8 482 studentar ved høgskolane i fylket, og dette hadde auka til 9 082 studentar i 2019. Dette representerer ein auke på 600 studentar eller 7 prosent.

Høgskulen i Volda hadde den største auken i talet på studentar. I 2019 hadde skolen 4 234 mot 3 842 studentar i 2018, ein auke på 392 eller 10,2 prosent. Høgskolen i Molde hadde den største prosentvise auken. Talet på studentar i Molde auka med 203, frå 1 936 studentar i 2018 til 2 139 studentar i 2019, ein prosentvis auke på 10,4 prosent. Ved NTNU i Ålesund var talet studentar på same nivå i 2019 som i 2018. I 2018 var det 2 403 studentar, mot 2 401 i 2019.

Høgskolesenteret i Kristiansund hadde ein liten tilbakegang i talet på studentar i 2019 med 7 færre studentar enn i 2018. Talet på studentar på høgskolesenteret har stabilisert seg dei to siste åra etter å ha vore nede på 239 i 2017. Talet på studentar ved høgskolesenteret i Kristiansund er medrekna i talet på studentar ved Høgskolen i Molde. Tala frå SSB tar utgangspunkt i skolekommunen, altså den kommunen der utdanningstilbodet er lokalisert.

I perioden 2014–2019 auka talet på studentar ved høgskolane i Møre og Romsdal frå 8 303 i 2014 til 9 082 i 2019, ein auke på 9,4 prosent. Høgskulen i Volda har hatt den største auken i talet på studentar, ein auke i perioden på 696 studentar eller 19,7 prosent.

Delen mannlege studentar ved studiestadane aukar

Det er framleis flest kvinner som tar høgare utdanning ved høgskolane i Møre og Romsdal. I 2019 studerte 5 434 kvinner og 3 648 menn ved høgskolane. Kvinneandelen er på veg ned. I 2019 utgjorde kvinnene 59,8 prosent av studentane. Det er framleis Volda som har størst ubalanse mellom kjønna. Ved Høgskulen i Volda er 68,6 prosent av studentane kvinner. Ved NTNU i Ålesund er mennene i fleirtal. Der er 53,2 prosent av studentane menn. Studietilboda ved den enkelte høgskolen har mykje å seie for kjønnsfordelinga.

Fleire har høgare utdanning

I 2019 hadde til saman 28,7 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal høgare utdanning, mens delen var 34,6 prosent for landet samla. I eit historisk perspektiv har det vore ein formidabel vekst i utdanningsnivået i Noreg. I 1980 hadde 11,3 prosent av befolkninga over 16 år høgare utdanning, mens i Møre og Romsdal hadde 8,5 prosent av befolkninga høgare utdanning i 1980.

Det er fleire kvinner enn menn som har høgare utdanning, og forskjellen mellom kjønna held fram å auke. I 2019 hadde 34,2 prosent av kvinnene og 23,4 prosent av mennene i Møre og Romsdal høgare utdanning. Nasjonalt var desse tala 39,0 prosent for kvinner og 30,3 prosent for menn. Samla for begge kjønna var det ein auke frå 2018 til 2019 på 0,4 prosentpoeng i Møre og Romsdal. Nasjonalt var auken 0,5 prosentpoeng. Det er kvinnene som har størst auke i Møre og Romsdal med 0,7 prosentpoeng. Nasjonalt aukar delen kvinner som har høgare utdanning med 0,8 prosentpoeng.

Skil vi mellom lang og kort høgare utdanning, finn vi at det er for delen med lang (meir enn 4 år) høgare utdanning at Møre og Romsdal skil seg mest frå landsgjennomsnittet. I 2019 var denne delen 6,0 prosent i Møre og Romsdal mot 10,3 prosent nasjonalt. Gruppa som har tatt kort høgare utdanning (inntil fire år) utgjorde i 2019 22,7 prosent i Møre og Romsdal og 24,3 prosent i landet totalt.