Kunstnarar i Møre og Romsdal

Få profesjonelle kunstnarar i Møre og Romsdal 

Basert på medlemskap i dei 10 største kunstnarorganisasjonane i Noreg var 522 kunstnarar busett i Møre og Romsdal i 2018. Dette svarar til to kunstnarar per tusen innbyggarar, noko som er omtrent halvparten av landsgjennomsnittet. Talet på kunstnarar i fylket har auka med 4 prosent frå 2010 til 2017. Musikarar og komponistar er overrepresentert, mens scenekunstnarar er underrepresentert. Til samanlikning viser tal frå Utdanningsdirektoratet at i skoleåret 2019–20 er 389 personar tilsett i kulturskolane i fylket. Av desse er 93 i 100 prosent stilling, mens 296 har deltidsstilling.

Få tildelingar frå Statens kunstnarstipend 

Statens kunstnarstipend består av seks ordningar og er det største offentlege verkemiddelet for direkte støtte til kunstnarar. I 2017 vart 12 av 96 søknadar frå kunstnarar i Møre og Romsdal innvilga, noko som tilsvarar 13 prosent av søknadsmassen frå fylket. Samla tildeling var om lag 2,3 millionar kroner eller 4 000 kroner i snitt per kunstnar. Beløpet utgjer 8 kroner per innbyggar i fylket og er 83 prosent under landsgjennomsnittet. I 2019 vart det sendt inn 111 søknadar frå Møre og Romsdal, mens berre seks vart innvilga. Dette utgjer 5,4 prosent av søkarmassen frå fylket. Dersom ein ser bort frå Svalbard, har Møre og Romsdal den lågaste tildelinga i landet.

Auka pott til kunstnarstipend 

Møre og Romsdal fylkeskommune tildelte 1 million kroner i stipend i 2020, det er 200 000 kroner meir enn i 2019 og 400 000 kroner meir enn i 2018. I 2019 og 2020 vart det utdelt to store arbeidsstipend på 200 000 kroner. Det har sidan 2015 vore delt ut eitt arbeidsstipend på 200 000 kroner til ein kunstnar innan visuell kunst. I 2018 vart innrettinga endra, og det vart mogleg å dele ut eitt arbeidsstipend til kunstnarar også innan dei andre uttrykka.