Klimagassutslepp etter kommunar

Størst utslepp i kommunar med mykje industri og sjøfart

Kommunevis fordeling av klimagassutsleppa for 2018 viser at det er Sunndal som har det høgaste utsleppet ­på nærare 700 000 tonn CO2-ekvivalentar. Industrien, ved Hydro Aluminium Sunndal, står for det aller meste av dette utsleppet. Andre kommunar som har store industriutslepp, er Aukra kommune grunna Nyhamna prosessanlegg, og Aure kommune grunna Tjelbergodden metanolfabrikk. På Sunnmøre er dei største utsleppa for mange av kommunane relatert til sjøfart. Herøy kommune har det største utsleppet innan denne sektoren på 70 000 CO2-ekvivalentar. Herøy blir derfor den kommunen med høgast utslepp på Sunnmøre om ein ser vekk frå Ålesund kommune. Utslepp frå Ålesund kommune ligg på om lag 300 000 tonn CO2-ekvivalentar.