Økonomiske indikatorar

Kommunane klarer ikkje tilrådde nøkkeltal

Kommunane rapporterar informasjon om verksemda til SSB gjennom Kommune-Stat-Rapporteringa (KOSTRA). Dette gir oss indikatorar på den økonomiske tilstanden i kommunane. Tabellane er basert på tal frå kommunekonsern, som i tillegg til kommunekassa, også inkluderer kommunale føretak og interkommunale selskap. Netto driftsresultat er hovudindikatoren for den økonomiske situasjonen i kommunane. Netto driftsresultat er resultatet etter at alle drifts- og finansutgifter er betalt. Tilrådinga er at netto driftsresultat i gjennomsnitt skal utgjere minst 1,75 prosent av brutto driftsinntekter. I 2019 vart det samla netto driftsresultatet i prosent av brutto driftsinntekter for kommunane i Møre og Romsdal negativt med -0,8 prosent. I 2019 har 26 av 35 kommunar eit negativt netto driftsresultat. Dette viser at dei fleste kommunane har eit kostnadsnivå som er høgare enn dei kan halda fram med på sikt. At berre to kommunar (Aukra og Stranda) når tilrådinga om 1,75 prosent av brutto driftsinntekt, viser ein særleg krevjande situasjon. Kommunar kan nytte midlar på disposisjonsfond både til drifts- og investeringsføremål. 

Kommunane kan, i år med underskot i drifta, dekke dette inn gjennom avsettingar i disposisjonsfond, som då vil kunne utgjere ein buffer mot ubalansar i kommuneøkonomien. Det er tilrådd at kommunane har eit disposisjonsfond på minst 5 prosent av brutto driftsinntekter. Utviklinga i disposisjonsfondet i kommunane i fylket i 2019 ligg innanfor tilrådd nivå, men går litt ned samanlikna med 2018. 15 kommunar har disposisjonsfond på mindre enn 5 prosent, og 7 kommunar har disposisjonsfond som er under 2 prosent. Det er tydeleg å sjå at fleire kommunar har balansert ein vanskeleg økonomisk situasjon med tidlegare oppsparte midlar, og det er ikkje berekraftig over tid. Konsekvensen av få disponible midlar er at kommunane er meir sårbare, og da heilt avhengig av å få drifta til å gå i balanse for å levere eit berekraftig tilbod til innbyggarane sine, og for å unngå eit meirforbruk. Få eller ingen tilgjengelege midlar vil, ved ein auke i rentekostnadane, medføre endring i driftsnivået hos kommunane, og konsekvensen av det er færre midlar til tenestetilbodet til innbyggarane.