Likestillingsindeksen

Sakte framgang for kjønnslikestillinga

Likestillingsindeksen til Statistisk sentralbyrå (SSB) inneheld 12 indikatorar som gir kommunar og fylke ein samanliknbar skår på likestillinga mellom kjønna. Siste tilgjengelege tal er frå 2018, og den indeksen viser at Møre og Romsdal har lågare skår enn landsgjennomsnittet på ni av indikatorane.

Indikatorane er baserte på tilgjengeleg registerstatistikk på kommunenivå. SSB reknar ut ein skår som går frå 0 til 1. Jo nærare skåren er verdien 1, jo høgare er graden av målt likestilling.

Frå år til år er forskjellane relativt små, men over tid har enkelte av indikatorane hatt ei betydeleg utvikling. På ni av tolv indikatorar er skårane høgare i dag enn da indeksen først vart laga i 2008, både for landet og Møre og Romsdal. Størst framgang har det vore i kjønnsfordelinga blant leiarar, der også Møre og Romsdal no nærmar seg landsgjennomsnittet. I 2008 var delen kvinner blant leiarar i Møre og Romsdal 29,4 prosent. Dette har auka til 34,8 prosent i 2018. Landsgjennomsnittet i 2018 var 36,3 prosent.

Eit anna område der det har vore framgang frå 2008, er delen kvinner blant kommunestyrerepresentantane. Denne var då 34,7 prosent for kommunane i Møre og Romsdal og 37,5 prosent for landet. 

Etter valet i 2019 er dette auka til 36,4 prosent i Møre og Romsdal. Dette er klart lågare enn landsgjennomsnittet på 40,1 prosent. Møre og Romsdal hadde høgare kvinnerepresentasjon etter kommunevalet i 2015, med 38,0 prosent. Da klatra Møre og Romsdal på fylkesrangeringa, og det plasserte oss midt på lista. I 2019 er kommunane i Møre og Romsdal igjen på botn av fylkeslista.