Busstrafikk

9,4 millionar reiser vart gjort med buss i 2019 

Rutebuss og skolekøyring i fylket er fordelt på åtte «rutepakkar», som blir køyrd av ulike busselskap, som har kontrakt med FRAM. Frå 1. mai 2018 har FRAM satsa ekstra på eit godt busstilbod i kommunane Ålesund og Giske. Det blei gjort ei større omlegging av fleire ruter, med fleire avgangar, og betre korrespondansar lokalt i Giske kommune. Dette prosjektet har gitt ein auke på tre prosent frå 2018 til 2019 i rutepakke 1 Ålesund, Giske og Sula, og ein auke på seks prosent i tal reisande i rutepakke 5 Sunnmøre Sør.

For rutepakke 2 Kristiansund, Averøy, Smøla og Aure er det ein liten tilbakegang på tre prosent i talet på reisande frå 2018 til 2019. For rutepakke 3 Molde og Gjemnes er det ein jamn oppgang i tale på passasjerar, som utgjer 9 prosent frå 2016 til 2019. Dette gjeld særleg for rute 701 Årølia–Molde–Djupdalen. 

For rutepakkane 5 Sunnmøre nord og 6 Sunndalsøra, Surnadal, Trondheim og Oppdal aukar talet passasjerar i 2018 og 2019 som eit resultat av at det vart innført elektroniske skoleskysskort. Rutepakke 6 Sunndalsøra, Surnadal Trondheim og Oppdal har også hatt god verknad av at rute 905 Ålesund–Molde–Kristiansund–Trondheim frå 1. mai 2017 tok til å køyre E39 om Hemnekjølen. Dette har redusert reisetida med om lag 40 minutt, og auka talet reisande med 23 prosent frå 2016 til 2019. 

Rutepakke 8, Fræna, Eide, Midsund og Aukra, har også ein god auke i tal på reisande med 20 prosent eller over 60 000 reisande frå 2016 til 2019. Etter oppstart av ny kontrakt i 2017 vart rutetilbodet betra, da særleg rute 532 Elnesvågen–Molde, som fekk fleire avgangar og fleire reisande.