Fødslar og fruktbarheit

Nedgang i talet på fødslar i Møre og Romsdal

Talet på fødslar i Møre og Romsdal gjekk ytterlegare ned i 2019. I 2019 vart det fødd 2 537 barn i fylket, som representerer ein nedgang i talet på fødde på 120 barn i forhold til 2018. Dette gir ein prosentvis nedgang i talet på fødslar på 4,5 prosent frå 2018 til 2019. 23 av kommunane i fylket hadde nedgang i talet på fødslar frå 2018 til 2019, og nedgangen i talet på fødde var størst i Ålesund med ein tilbakegang på 58. Det gir nedgang på 11 prosent i forhold til 2018. Volda hadde med 29 færre fødslar i 2019 samanlikna med 2018 ein prosentvis tilbakegang på 24,6 prosent. Det er viktig å merke seg at både Ålesund og Volda hadde auke i talet på fødslar i 2018, og derfor kan tilbakegangen i 2019 for desse kommunane sjåast på som ei korrigering av fødselstala i 2018.

Lågare fødselsoverskot

Fødselsoverskotet er forholdet mellom talet på fødde og talet på døydde kvart år. Fødselsoverskotet er, saman med innvandring og flytting til fylket, avgjerande for utviklinga i folketalet. Nedgangen i fødselsoverskotet er ikkje ein trend som har oppstått dei siste åra, men ein trend heilt tilbake til 50-talet. Fødselsoverskotet i fylket har jamt og trutt gått ned dei siste 70 åra. Til dømes var fødselsoverskotet i 1951 2 496 mot 248 i 2019. Reduksjonen i fødselsoverskotet skuldast at talet på fødde går ned samtidig som talet på døydde går opp. Nedgangen frå 2018 til 2019 var på heile 40,1 prosent, og det er all grunn til å tru at fødselsoverskotet vil bli ytterlegare redusert i åra som kjem. Dei store etterkrigskulla går bort, og låge fødselstal vil redusere fødselsoverskotet i tida som kjem. Dersom fødselsoverskotet etter kvart blir negativt, er ein avhengig av innvandring eller innanlands tilflytting for å oppretthalde innbyggartalet i fylket.

Ytterlegare nedgang i fruktbarheitstala

Når vi ser på fruktbarheitstala, er det talet på levande fødde barn per kvinne gjennom livet som er måltalet vi viser til. Talet på levande fødde barn per kvinne har gått mykje ned i etterkrigstida. I 1968 fødde kvinnene i Møre og Romsdal i gjennomsnitt 3,20 barn i løpet av livet, mens det nasjonale gjennomsnittet var 2,75 barn. Situasjonen er ein heilt annan i dag. I 2019 var det nasjonale gjennomsnittet nede i 1,53 fødde barn per kvinne, og for Møre og Romsdal 1,64, som er ein ytterlegare nedgang frå 2018, då talet var 1,70. Trass i at gjennomsnittet på 1,64 er historisk lågt, er likevel Møre og Romsdal det fylket der det blir fødd tredje flest barn per kvinne. Lågast er talet på fødde per kvinne i Oslo, der gjennomsnittet er nede i 1,42. Resultatet er ikkje historisk lågt for Oslo, som hadde låge fruktbarheitstal også på 1980-talet. Særleg lågt var tala i starten av tiåret, med 1983 som det aller lågaste. I 1983 fødde kvinnene i Oslo i gjennomsnitt 1,34 barn.

Gjennomsnittleg fødealder held fram å stige

I 2019 var gjennomsnittleg fødealder i Noreg 31,3 år, som er ein auke på 0,2 år frå 2018. I Møre og Romsdal er kvinnene i gjennomsnitt 30,8 år når dei føder. Sidan 1999 har dette auka med nærare 2 år, då var fødealderen til kvinnene i Møre og Romsdal 29,0 år. Gjennomsnittet i Møre og Romsdal har vore lågare enn det nasjonale i perioden 1999-2019. Oslo skil seg ut med å ligge godt over det nasjonale gjennomsnittet i fødealder.

Gjennomsnittleg fødealder er ikkje det same som alder på førstegongsfødande. Gjennomsnittleg alder på førstegongsfødande kvinner i Noreg var i 2019 på 29,8 år, mens fedrane i gjennomsnitt var 32,0 år da dei fekk sitt første barn.