Sjukefråvær

Auka sjukefråvær i 2020

Sjukefråværet (prosent sjukefråvær) målast som tal sjukefråværsdagsverk i prosent av avtalte dagsverk. Per 2. kvartal 2020 var sjukefråværet for landet samla på 5,1 prosent, opp 4,7 prosent samanlikna med 2. kvartal 2019. I Møre og Romsdal var sjukefråværet noko høgare, med 5,5 prosent på same tidspunkt, opp 5,1 prosent samanlikna med 2.kvartal 2019. Alle fylka har auke i sjukefråværet i denne perioden, og truleg er koronapandemien ein medverkande faktor for auken, men den tendensen ser ein hovudsakleg i tala for første kvartal, som skil seg frå tidlegare år.  

Sjukefråværet er lågast i Oslo og Rogaland, med høvesvis 4,1 og 4,5 prosent. Dei to fylka er dei einaste kor sjukefråværet er lågare enn det nasjonale gjennomsnittet. Høgast er det i Nordland og Troms og Finnmark med 5,9 og 6,1 prosent. Ein ser litt av det same mønsteret i endringa det siste året. Oslo og Rogaland har lågast auke (2,7 og 3,2 prosent), medan særleg Agder stikk seg ut med ei auke på heile 12,4 prosent. 

Lågt tal Covid-19 smitta i fylket

Per 20. september er talet personar som har vore eller er smitta av Covid-19 bikka 200 personar i Møre og Romsdal. Den perioden kor flest personar vart smitta i Møre og Romsdal var mars, og særleg i midten av månaden. Det er også i den perioden at dagane med flest påvist smitta blei registrert, med 10 personar. Etter mars har talet nye smittetilfelle vore relativt lågt fram til starten av august, kor talet auka att. Til no har to personar døydd av Covid-19 i Møre og Romsdal. Begge desse var eldre som budde ved ein sjukeheim. Nasjonalt ser ein same mønster i smittespreiinga, med ein topp i mars, og så ein auka att etter sommaren. Til saman har 267 personar dødd av Covid-19 i landet, og nær 13 000 har vore eller er smitta per 20. september. 

Møre og Romsdal har i heile perioden vore blant dei fylka med lågast tal smittetilfelle i høve til folketalet.